Biogass frå husdyrgjødsel – det ligg til rette for realisering på Jæren

Landbrukspolitisk avdeling i LMD på besøk hos Olav Røysland
Landbrukspolitisk avdeling i LMD på besøk hos Olav Røysland (Foto: Anfinn Rosnes)

Det ligg meir enn nokon gang til rette for å lykkast med satsing på biogass frå husdyrgjødsel på Jæren. Det kjem fram av Norce AS sin sluttrapport frå forprosjektet «Biogass/biorestproduksjon som bærekraftig gjødselhåndteringsstrategi på Jæren». Det er nå viktig at satsinga blir teke vidare.

Eigarane av prosjektet er kommunane Hå, Time og Klepp. Kommunar som samla har om lag 10 prosent av husdyrhaldet i landet. Hå kommune er formell søkjar og prosjektansvarleg. Forskinga blir leia av forskarar frå Norce AS, kommunane, Fylkesmannen i Rogaland, Rogaland fylkeskommune og næringa representert ved Jæren Biogass og Rogaland bondelag.

Føremål med prosjektet

Hovudmålet var å vurdere logistikken for biogassproduksjon og alternativ bruk av biogass og biorest. Ambisjonen er at prosjektet resulterer i faktiske investeringar i nye anlegg.

Biogass, eit viktig klimatiltak

Rogaland har unike føresetnader sett i forhold til mengd husdyrgjødsel, fosforproblematikk, spreieareal for husdyrgjødsel og eksisterande infrastruktur for gass. Fordi avstandane på Jæren er såpass korte vil ikkje transportavstandar vere like avgjerande som i andre område. Dette fordi det er rigging, lasting og lossing som tar tid. Investeringar som er gjort i lagerkapasitet for gjødsel på gardsnivå gir også eit fortrinn. Separering av gjødsla til tørr og våt del er ein føresetnad i prosjektet.

Biogassproduksjon basert på husdyrgjødsel er eit av dei konkrete tiltaka i klimaavtalen mellom regjeringa og jordbruket, og det blir arbeidd for å få biogass registrert inn som ein del av klimagassrekneskapen. 

Kva skjer no?

Analysane i rapporten viser at ein større sentral hub for tørrfraksjonen av husdyrgjødsla vil kunne dekke det meste av behovet for Jæren. Men det er også mogleg å dele dette i to til tre mindre huber.

Nå er det tid for handling. Det er viktige at dette ikkje berre blir ein ny rapport om kor viktig det er å satse på biogass, men at det faktisk gir grunnlag for etablering. Vi er involverte i det å organisere ei vidare oppfølging, og det vil kome meir informasjon om dette på nyåret 2020.

Rapporten frå Norce AS finn du vedlagt.