Slår eit slag for bioenergi

Strand vidaragåande skole arbeidar for å starte ein fagskole i bioenergi allereie frå hausten av, og det var i samband med dette at 25 faglærarar i naturfag og biologi sat på skulebenken for å lære meir om bioenergi.

Fantastisk å kunne tilby slike fag som bioenergi for ungdommane, sa ein av kursdeltakarane på temakurset for lærarar torsdag 9. februar.

I Ryfylke er det etterkvart mange bioenergianlegg – Fister Smolt, Hjelmeland og Taumarka. Og kanskje vert det snart eit biogassanlegg i Årdal også. Det er difor særs hyggeleg at Strand vidaregåande skole arbeidar med å starte ein fagskole innan bioenergi. For at lærarane skulle verte interessert i dette temaet, vart det arrangert eit temakurs for faglærarar i naturfag og biologi sist torsdag.

Tema på kurset var mellom anna bioenergi i landbruket, breidde og spesialkompetanse, frå skog til bioenergi, forbrenning av faste brenslar – ein teoretisk gjennomgong og berekraftig utvikling. Forelesarar var Cato Kjølstad, Simen Gjølsjø, Geir Skadberg, Kari Sand, Arnstein Norheim og Torleiv Bilstad.

Strukturen på fagskolen er no inne til godkjenning og dersom dette går i orden kan fagskolen starte opp allereie til hausten. Planen er at dette vil vere ei nettbasert utdanning over tre år. Det første året vil bestå av grunnleggjande fag som matematikk, fysikk, norsk osb., medan elektrofag og elkraft vert undervist i år 2. Det er det siste året kor elevane vil få kjennskap til bioenergi. Det er eit ønskje frå Strand vidaregåande skole å byggje eit laboratorium i samband med fagskolen.