Populære kurs om gardsvarme

Gardsvarmekurs i Aksdal. Kursleiar Håvard Midtskogen fortel om ulike løysingar for ved- og flisanlegg
Gardsvarmekurs i Aksdal. Kursleiar Håvard Midtskogen fortel om ulike løysingar for ved- og flisanlegg

Meir enn 65 gardbrukarar, skuleelevar og andre interesserte deltok på kurs forrige veke for å lære meir om gardsvarmeanlegg og sal av varmetenester. Interessa for dette er aukande over heile fylket, og med både små og store anlegg i drift begynner vi å se resultat av fleire år med satsing på trebasert bioenergi i fylket.

Stor interesse

Fylkesmannen og Innovasjon Norge arrangerte kurs i Årdal, Aksdal og på Helleland 17. og 18. januar. Alle stader var interessa stor for å lære meir om trebasert bioenergi, både blant unge og eldre. Kursleiar Håvard Midtskogen (Skogselskapet i Oslo og Akershus) har lang erfaring med planlegging av gardsvarmeanlegg frå heile landet, og hadde ei praktisk tilnærming og mange tips og eksemplar på kva ein må tenke på under planlegginga av nye anlegg.

Midtskogen ga ei innføring i kva type anlegg som finst for produksjon av varme frå ved eller flis på gardsbruk både med stort og lite varmebehov. Hovudbudskapet hans er at ved- og flisanlegg kan konkurrere med andre oppvarmingskjelder både på lønnsemd og komfort, og at auka strømprisar i framtida vil gjere slike anlegg meir interessante. Men det er viktig med god planlegging heilt frå starten, slik at man velgjer ein løysing tilpassa behov, aktuelt råstoff, samt stønadsordningane som finst på dette, påpeika Midtskogen.

 

Gode stønadsordninger

Stønadsordningen Bioenergiprogrammet til Innovasjon Norge vert også presentert på kurset. Programmet kan gi stønad til gardsvarmeanlegg for nærings- og boligformål, etablering av varmesalstjenester, bygging av flislager o.a.

Programmet har allereie støtta fleire anlegg i Rogaland. Vi vil gjerne ha fleire her i fylket, kunne rådgjevar Aart-Dirk van Zanten Magnussen fortelje. Han oppfordra alle som er interessert i å investere i eit gardsvarmeanlegg til å ta tidleg kontakt med Innovasjon Norge. Dei kan gi råd i planleggingsprosessen og tips til andre anlegg som kan vere verdt å ta ein studietur til før man bestemmer seg for eiga løysing.

 

Auka verdiskaping i landbruket

Oppvarming med ved- eller flisanlegg kan være interessant enten du eig eigen skog eller ikkje. Midtskogen viste til at dei fleste gardsbruk har ein god del kilowattimar ståande langs jordekantar og skogsbilveiar, som bøndene uansett må rydde. Det er og god tilgang til å kjøpe ferdig flis her i fylket. Dette er virke som kan bidra til auka verdiskaping i bygdene, både for bøndene sjølve og for entrepenørane, påpeika Midtskogen.

Kursa er del av ein serie arrangement med formål å auke interessa for- og bruken av trebasert bioenergi i Rogaland. Vidare i år skal vi arrangere besøk til ulike gardsvarmeanlegg både i og utanfor fylket. Desse vil være opne for alle interesserte. Følg med på nettsida vår eller ta kontakt for informasjon om dette.