Gardsvarmeanlegg - noko for deg? Kurs i Tysvær 18. januar

18. januar blir det gardsvarmekurs i Tysvær. Kurset er retta mot bønder og andre som er nysgjerrige på løysingar, moglegheiter og økonomiske stønadsordningar for bioenergi.

Tid og stad

Aksdal, Tysvær

Onsdag 18. januar, kl. 10 - 13

Litlesalen kino, Tysværtunet

 

Om kurset

Kurset varar 3 timar. Du får ei innføring i ulike typar anlegg, råstoff, praktiske løysingar og lønnsemd, leia av Håvard Midtskogen (Skogselskapet i Oslo og Akershus). Innovasjon Noreg og Fylkesmannen i Rogaland vil vidare fortelje om moglegheiter for investeringsstønad via Bioenergiprogrammet.

 

Påmelding

Kurset er gratis, men krev påmelding på e-post innan 11. januar 2017.

 

Spørsmål?

Kontakt Elisabeth Schmidt hos Fylkesmannen i Rogaland på fmroesc@fylkesmannen.no eller tlf. 51 56 87 84.

Kurset blir arrangert av Innovasjon Norge og Fylkesmannen i Rogaland.