Seminar om trebasert bioenergi

Klima er på dagsorden, og i Rogaland har vi eit stort potensiale for å nytte meir trebasert bioenergi. 28. januar 2015 arrangerer derfor KS, Rogaland Fylkeskommune, Innovasjon Norge og Fylkesmannen i Rogaland eit bioenergiseminar på Øksnevad vidaregåande skule. Målet er å vise at trebasert bioenergi er eit klimavennleg og lønnsamt alternativ for oppvarming av kommunale bygg, bustadfelt mm.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 18.12.2014

Som hovudinnleiar på seminaret kjem Mats Rosenberg, daglig leiar av Bioen as. Rosenberg har vore sentral i gjennomføringa av ei rekkje store og små biobrenselprosjekt i Noreg, og vil snakke om fordelar med bioenergi, og korleis vi får anlegg som fungerer godt.

Levanger kommune, med 19 400 innbyggjarar, får dekka heile 45 % av varmebehovet i sine eigne bygg med bioenergi. Kommunen vil fortelje korleis dei har fått dette til. I Rogaland er Sandnes ein føregangskommune, og vi vil på seminaret høyre om korleis Sandnes jobbar med omlegging til meir bruk av bioenergi, og kvifor trebasert bioenergi er valt som oppvarmingskjelde for Hove bustadfelt. Vidare vil ordføraren i Karmøy fortelje om kvifor Karmøy har satsa på bioenergi.

Øksnevad vidaregåande skule blir oppvarma med flis, og det vil bli ei omvising på anlegget der.

Programmet for seminaret finn du i høgremargen.

Påmelding til seminaret skjer via KS sine sider. Påmeldingsfrist er 21. januar 2015.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Dokumenter