Besøk på ved- og flisfyringsanlegg på Haugalandet 15. mars

Tysdag 15. mars arrangerer Fylkesmannen studietur for bønder og andre interesserte til to bioenergianlegg på Haugalandet. Vi ser på to ulike typar anlegg: eit vedfyrt gardsanlegg i Tysvær, og eit flisfyrt fjernvarmeanlegg på Karmøy. Desse er begge gode eksempel på bruk av trebasert virke som ei tilleggsnæring for bønder og skogeigarar.

Turen blir arrangert i samarbeid med Innovasjon Norge. Opplegget er gratis og opent for alle. Det blir enkel matservering og kaffi.

Program:

10.00:

Oppmøte på Slåttevik (v/ E39. Kart Google)

10.15 - 11.30:

Besøk. Vedfyrt anlegg (gardsvarmeanlegg for oppvarming av m.a. meieribygg) hos Ingvar Tysvær i Tysværvåg

12.00 - 13.30:

Besøk. Flisfyrt anlegg (Vea-anlegget v/ Sverre Storesund) som varmar opp m.a. skule og sjukeheim i Veavågen, Karmøy kommune.

Påmelding på e-post til Elisabeth Schmidt innan 14. mars.

Velkommen!

 

 

 

Kontaktpersoner