Bioenergi


03.01.2017

Gardsvarmeanlegg - noko for deg? Kurs i Årdal 17. januar

17. januar blir det gardsvarmekurs i Årdal i Hjelmeland. Kurset er retta mot bønder og andre som er nysgjerrige på løysingar, moglegheiter og økonomiske stønadsordningar for bioenergi.

03.01.2017

Gardsvarmeanlegg - noko for deg? Kurs på Helleland 18. januar

18. januar blir det gardsvarmekurs på Helleland i Eigersund. Kurset er retta mot bønder og andre som er nysgjerrige på løysingar, moglegheiter og økonomiske stønadsordningar for bioenergi.

07.12.2016

Biogasspilot på Jæren

I kort avstand frå grisehuset prøvetestar Olav Røysland no sin nybygde biogassreaktor. Gassen blir produsert på grisegjødsel utan bruk av tilleggssubstrat.

21.04.2016

20 millionar til pilotprosjekt for biogass

Rogaland har ein særs god føresetnad for å bli stor på biogass med ein årleg produksjon på rundt 3 millionar tonn husdyrgjødsel. Bønder blir oppfordra til å vurdere foredlingsanlegg for husdyrgjødsel.

09.03.2016

På besøk i nye flisfyringsanlegg i Sandnes

I Sandnes kommune har det dei siste åra blitt bygd fleire flisanlegg for fjern- og nærvarme. 1. mars arrangerte Innovasjon Norge og Fylkesmannen i Rogaland studietur til fleire av disse anlegga.

23.02.2016

Besøk på ved- og flisfyringsanlegg på Haugalandet 15. mars

Tysdag 15. mars arrangerer Fylkesmannen studietur for bønder og andre interesserte til to bioenergianlegg på Haugalandet. Vi ser på to ulike typar anlegg: eit vedfyrt gardsanlegg i Tysvær, og eit flisfyrt fjernvarmeanlegg på Karmøy. Desse er begge gode eksempel på bruk av trebasert virke som ei tilleggsnæring for bønder og skogeigarar.

10.02.2016

Tilskot for levering av husdyrgjødsel til biogassanlegg

For å auke oppslutninga om leveranse av husdyrgjødsel til biogassanlegg, er satsane  i forskrift om tilskot til levering av husdyrgjødsel dobla frå 1. januar 2016. 7 mill. kroner står disponibelt i denne ordninga i 2016.

04.02.2016

Kurs og studietur til flisfyringsanlegg i Sandnes

Tysdag 1. mars kan du delta på kurs om «kvifor etablere gards- og nærvarmeanlegg». Du kan også besøke ulike typar flisanlegg i Sandnes. Her vil det blant anna bli gitt informasjon anna drift av varmeanlegg og Innovasjon Norge sitt Bioenergiprogram.

18.09.2015

Frå binge til buss. Lønsamt biogass-prosjekt på Jæren

Pilotanlegg med høgrate biogassreaktor er under etablering på Jæren. 

16.03.2015

Ny handbok for gardsbaserte biogassanlegg

Norges Vel har uvikla ei handbok med nyttig informasjon og oversikt over aktuell litteratur om etablering av gardsbaserte biogassanlegg.