20 millionar til pilotprosjekt for biogass

Rogaland har ein særs god føresetnad for å bli stor på biogass med ein årleg produksjon på rundt 3 millionar tonn husdyrgjødsel. Bønder blir oppfordra til å vurdere foredlingsanlegg for husdyrgjødsel.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 21.04.2016

Regjeringa ønskjer fleire biogassanlegg. 18 millionar er set av til investeringstilskot, og 2 millionar til forsking på anlegg som får støtte.

Så langt er Jæren Biogass AS på Voll det einaste anlegget i Rogaland som omdannar husdyrgjødsel til biogass. Anlegget blei starta opp i vinter. Fleire anlegg er i planleggingsfasen og kan dra nytte av investeringspakka frå regjeringa.

Biogass er eit tiltak som reduserer klimagassutsleppa i Noreg, samtidig som det bidrar til å redusere utslepp av lokal luftforurensing og støyplage frå tunge køyretøy. Biogass som klimatiltak må sjåast i lys av at Stortinget har vedteke ambisiøse mål for nasjonale utsleppsreduksjonar innan 2020, samt mål om omstilling til eit lågutsleppssamfunn innan 2050.

Innovasjon Norge tek imot søknader om tilskotsmidlar til både nyetableringar og til ombygging av eksisterande anlegg.

Søknadsfrist er 1. juni.

Les meir om saka hos Innovasjon Norge.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.