Skal alle kommunar i Noreg framleis ha dei same oppgåvene?

Regjeringa sett no ned eit utval som skal vurdere generalistkommunesystemet og sjå på alternativ. Målet er å få eit godt grunnlag til å diskutere om det systemet vi har i dag er det beste, eller om det finst andre, betre løysingar.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 25.11.2020

Alle kommunane i Noreg har breie og likeretta oppgåver som dei skal løyse for sine innbyggarar, uavhengig av storleik og tal på innbyggarar i kommunen. Generalistkommunesystem er eit ord som vi kan bruke om det kommunesystemet som har vekse fram i Noreg. Generalistkommunesystemet legg til rette for eit felles finansieringssystem og for ei lovgiving som gir dei same rammene for alle kommunar.

Utvalet har fått to år på seg til dette arbeidet og skal levere utgreiinga si i form av ei NOU, det vil seie ei norsk offentleg utgreiing, til Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) innan 12. desember 2022.

Sjå lenke til KMD for å lese meir om utvalet som skal vurdere generalistkommunesystemet og det mandatet dei har fått. Vi har og lagd ved ein aktuell artikkel frå Kommunal Rapport.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.