Nye oppgåver til kommunane på høyring

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har konkretisert nye oppgåver til kommunane, som ei oppfølging av oppgåvemeldinga frå våren 2014. Dette krev ein del endringar i lovverket, og dette er nå lagt ut på høyring.

KMD følgjer med dette opp Stortinget si behandling av meldinga Kommunereformen – nye oppgaver til større kommuner i juni 2014.

- Vi er i rute med arbeidet med å gi kommunene flere oppgaver. Vi ønsker sterke lokalsamfunn og levende lokaldemokratier der makt og ansvar ligger nært dem beslutningene angår. Derfor foreslår vi å flytte flere oppgaver til sterke velferdskommuner, seier statsråd Jan Tore Sanner (H) i ei pressemelding.

Det er lagt ut eit høyringsnotat som inneheld lov- og forskriftsendringar knytt til oppgåver som skal overførast til kommunane. Dette gjeld særleg oppgåver innan velferd og lokal utvikling.

Fleire oppgåver?

Fleire av dei største oppgåveendringane som Stortinget har vedteke er ein del av eigne prosessar i fleire departement. Dei er ikkje med i denne høyringa. Dette gjeld til dømes endringar innan NAV, barnevern og planlegging.

Desse oppgåvene følgjer ikkje tidsløpet i kommunereforma. Oppgåvene som nå er sende på høyring, er tenkt overførte frå 2020. Då er fleirtalet av dei nye kommunane etablerte. Nokre oppgåver kan bli overførte før dette.

Kontaktpersoner