Samla sett har kommunane i Rogaland ein god økonomi

Førebelse KOSTRA-tal for 2019 syner at kommunane i Rogaland samla hadde eit driftsresultat i 2019 på 4,2 % av brutto driftsinntekter, mot 1,4 % for landet utanfor Oslo. Netto lånegjeld i prosent av brutto driftsinntekter er tilnærma lik i 2019 som i 2018, og lågare enn for landet utanfor Oslo. Disposisjonsfond i prosent av brutto driftsinntekter er også tilnærma lik i 2019 som i 2018, og høgare enn for landet utanfor Oslo. Dette syner at kommunane i Rogaland samla sett har ein god økonomi ved inngangen til året og noe handlefridom og reservar i møte med meir krevjande tider.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 02.04.2020

Netto driftsresultat er eit uttrykk for den handlefridomen som kommunane har. Eit positivt driftsresultat over tid gjer ein berekraftig kommuneøkonomi med middel til disposisjon til investeringer og til reservar. Best netto driftsresultat i 2019 hadde Suldal, Forsand, Stavanger og Bokn, medan Sandnes, Bjerkreim, Lund og Finnøy hadde dei svakaste tala med negative driftsresultat. Snittet for Rogaland er på 4,2 %. Det er høgare enn det var i 2018, og høgare enn landet utanfor Oslo. Teknisk beregningsutvalg for kommunal og fylkeskommunal økonomi (TBU) si tilråding er at dette talet skal vere på minimum 1,75 %.

Vi gjer merksam på at for enkelte kommunar i Rogaland blei feil datagrunnlag brukt i KOSTRA, slik at kommunerekneskapstal publiserte 16. mars blei feil. Kommunar som har henta ut rekneskapstal frå KOSTRA før 30. mars bør difor gjere dette på ny. Sjå lenke til rettelogg. Denne artikkelen er oppdatert med nye tal. 

Det er nytta konserntal, det betyr at både tal frå kommunale føretak (KF) og interkommunale selskap (IKS) er med.

Netto driftsresultat i prosent av brutto driftsinntekter i 2018 og 2019 går fram av tabellen nedanfor:  

Kommune 2018 2019
Landet utanfor Oslo 2,2 1,4
Rogaland 3,3 4,2
Bjerkreim 2,7 -0,5
Bokn 9,0 7,8
Eigersund -0,3 1,8
Finnøy 9,5 -2,0
Forsand -0,4 7,9
Gjesdal 3,3 1,5
Haugesund 2,9 4,8
Hjelmeland 8,6 3,0
4,3 3,1
Karmøy 2,6 4,1
Klepp 3,0 3,9
Kvitsøy 8,0 0,8
Lund -2,4 -1,7
Randaberg -0,2 0,0
Rennesøy 3,3 3,5
Sandnes 3,0 -0,4
Sauda 3,2 4,6
Sokndal 3,1 4,3
Sola 3,8 5,3
Stavanger 3,7 7,9
Strand 3,3 0,3
Suldal 10,5 9,7
Time 0,4 1,7
Tysvær 9,0 5,3
Utsira 11,4 6,8
Vindafjord 2,1 1,6

 

Utvikling i netto lånegjeld

Førebelse tal for netto lånegjeld i prosent av brutto driftsinntekter er for 2019 noko høgare enn i 2018, med 78,8 % for Rogaland og 89,4 % for landet utanfor Oslo. Fire kommunar har netto lånegjeld over 100 %. Netto lånegjeld i prosent av brutto driftsinntekter for 2018 og 2019 går fram av tabellen nedanfor:

Kommune 2018 2019
Landet utanfor Oslo 87,5 89,4
Rogaland 78,1 78,8
Bjerkreim 44,7 42,7
Bokn 132,9 109,4
Eigersund 71,4 77,8
Finnøy 73,8 89,0
Forsand 65,0 55,9
Gjesdal 97,9 102,4
Haugesund 71,3 63,6
Hjelmeland 69,7 73,1
86,6 86,3
Karmøy 58,6 55,1
Klepp 61,2 61,7
Kvitsøy 47,9 56,0
Lund 71,4 74,7
Randaberg 120,6 126,1
Rennesøy 109,9 109,3
Sandnes 88,7 94,1
Sauda 78,4 81,3
Sokndal 78,2 74,4
Sola 84,5 93,1
Stavanger 76,6 74,2
Strand 71,9 93,1
Suldal 33,8 37,7
Time 88,8 92,5
Tysvær 92,8 88,0
Utsira 61,5 60,5
Vindafjord 59,5 63,3

 

Utvikling i disposisjonsfond

Disposisjonsfond i prosent av brutto driftsinntekter er for fylket omtrent på same nivå som i fjor, frå 13,8 % til 14,1 %, og det er høgare enn for landet utanfor Oslo. Sjå tabell under. Disposisjonsfond er ein oppspart reserve som kommunestyrene kan nytte fritt til både drift og investering, med unntak av disposisjonsfond knytt til IKS'er.

Kommune 2018 2019
Landet utanfor Oslo 11,1 10,8
Rogaland 13,8 14,1
Bjerkreim 12,8 11,8
Bokn 23,4 22,1
Eigersund 13,4 15,1
Finnøy 17,0 17,1
Forsand 51,1 44,2
Gjesdal 10,8 9,8
Haugesund 7,4 5,7
Hjelmeland 7,2 10,6
15,2 16,1
Karmøy 11,3 10,6
Klepp 11,9 10,7
Kvitsøy 27,3 28,4
Lund 7,5 3,9
Randaberg 7,4 7,5
Rennesøy 8,8 10,9
Sandnes 14,7 11,3
Sauda 8,9 11,8
Sokndal 13,2 16,3
Sola 13,0 11,3
Stavanger 16,8 19,9
Strand 11,1 11,7
Suldal 29,0 32,6
Time 5,2 5,0
Tysvær 18,7 20,4
Utsira 23,7 15,9
Vindafjord 10,1 9,7

 

Viktig å prioritere rapportering til KOSTRA

Tala over er førebelse tal for 2019. Kommunane skal i desse dagar kvalitetsikre tala i KOSTRA og rapportere om eventuelle feil innan 15. april 2020 til SSB. SSB fryktar at kommunane ikkje klarer å prioritere kvalitetssikring og rapportering til KOSTRA no som dei må handtere den pågåande pandeminen. Sjå lenke til artikkel i Kommunal Rapport. 

Rapporteringa for 2019 vil kunne gi oss eit godt bilete av kommuneøkonomien før koronapandemien. Difor er det ekstra viktig no at kommunane gjer ei kvalitetssikring av egne tal og rapporterer inn det dei finn av feil. Sjølv om fristen er 15. april, vil portalen for rapportering av tal til KOSTRA vere open fram til og med 8. juni 2020. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.