KOSTRA - Intervall for kontroll av kostnader til reinhald og energi

No er det definert intervall for kvalitetssikring av kostnader til reinhald og energi. God kvalitet på KOSTRA-data er ein føresetnad for at statistikken skal ha nytteverdi for både kommunar som vil samanlikne seg med andre kommunar og KOSTRA-grupper, og for statlege einingar som nyttar tala til ulike analysar.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 20.01.2020

Dei siste åra har Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) hatt spesiell merksemd på data som inngår i nøkkeltala for kommunal eigedomsdrift. Desse tala er basert på innrapporterte areal per gruppe formålsbygg og rekneskapstal for aktuelle KOSTRA-funksjonar. Vi har så langt følgt opp feil knytte til aggregerte tal per kommune. Som feil reknar vi manglande rapportering eller ekstremverdiar i nøkkeltala for KOSTRA (eigedomsforvaltning) som ikke er logiske.

Ser vi på aggregerte tal per kommune, er tal feil i rapporteringa på eigedomsområdet halvert for Rogaland frå 2015 til 2018, frå 18 til 9.

KMD har definert eit mål om at tal feil i KOSTRA-rapporteringa skal reduserast vesentleg for både 2019 og 2020 i forhold til 2018.

Intervall for kvalitetssikring

Frå 2020 blir oppfølginga styrka ved at ein også vil måla feil på byggfunksjonsnivå for reinhald og energi. Ei kvalitetssikring vil bli gjennomført ved kontroll mot definerte intervall for kostnad per m2.

I KOSTRA-statistikken for 2018 var det nokre kommunar i Rogaland som mangla tal eller hadde snittkostnader utanfor dei intervalla KMD bruker på byggfunksjonsnivå:

Byggfunksjon Intervall Reinhald Intervall Energi
130 Administrasjonslokaler <70 og >500 5 kommunar <50 og >400 4 kommunar
221 Barnehagelokaler og skyss <100 og >600 4 kommunar <70 og >500 4 kommunar
222 Skolelokaler <100 og >600 2 kommunar <70 og >500 1 kommune
261 Institusjonslokaler <100 og >600 5 kommunar <7 og >500 1 kommune


Merk at intervalla for funksjon 130 er noko lågare enn for dei andre funksjonsgruppene. Intervalla kan bli justert over tid.

Fylkesmannen vil oppfordre kommunane til å gjere ein særleg sjekk på tala som rapporterast inn for reinhald og energi for 2019, om dei ligg utanfor intervalla.

Store skilnader

Intervalla er breie og det er store skilnader mellom rogalandskommunane når det gjeld innrapporterte tal på kostnader til reinhald og energi. For 2018 finn vi desse kommunesnitta i Rogaland og for landet utan Oslo:

Kroner per m2

Snitt landet
(u. Oslo)

Snitt Rogaland Høgaste i Rogaland Lågaste i Rogaland
Reinhald 161 156 380 132
Energi 126 114 188 86


Frist for rapportering av rekneskapstal for 2019 til KOSTRA, er 17. februar.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.