Kommuneopplegget i statsbudsjettet for 2019

Forslag til statsbudsjett blei lagt fram måndag 8. oktober og vi har utarbeidd eit samandrag av kommuneopplegget. For kommunane i fylket samla er det venta ein nominell vekst i frie inntekter på 3,0 %, mot 2,9 % for landet, i høve til overslag på rekneskap 2018.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 08.10.2018

Nokre hovudpunkt i budsjettforslaget:

  • Det blir lagt opp til ein realvekst i frie inntekter for kommunesektoren på bortimot 2,6 mrd. kr eller 0,7 %. Alt går til (primær)kommunane. Veksten er rekna frå anslått inntektsnivå i 2018 i revidert nasjonalbudsjett (RNB) 2018.
  • Veksten i kommunesektorens samla inntekter  i 2019 er rekna til 1,9 mrd. kr, tilsvarande 0,4 %. 
  • Realveksten byggjer på anslått kostnadsvekst i kommunesektoren (deflator) i 2019 på 2,8 %.
  • Skatteøyret blir sett ned frå 11,8 til 11,55 %.
  • Skatteoverslaget for 2018 er oppjustert med 2,1  mrd. for kommunane i høve til Kommuneproposisjonen/RNB i vår.

Endringar i det økonomiske opplegget for 2018

Skatteoverslaget er oppjustert med 2,4 mrd. kr, av dette 2,1 mrd. for kommunane, i høve til  i revidert nasjonalbudsjett (RNB).

Skatteoverslag for kommunane for 2018 (mill. kr og vekst frå 2017):

 

Mill kr

Vekst %

Rekneskapstal 2017

156 585 

 

Statsbudsjettet 2018 – 12.10.17

158 500

1,2

Komm.prop. 2019 - 15.5.18

158 200

1,0

Statsbud. for 2019- 8.10.18

160 330

2,4

Dette er forklart med ekstraordinært store uttak av utbytte til personlege skattytarar for inntektsåret 2017, noko som truleg dreier seg om tilpassingar til skattereforma.

Deflatoren for 2018 er auka med 0,4 prosenteiningar til 3,0 % i høve til RNB 2018. Lønsvekstoverslaget på 2,8 % er uendra. Auken i kostnadsveksten skuldast hovudsakleg auka straumprisar. (overslaget her skriv seg frå august, nedbøren i haust kan føra til endringar).

Den reelle veksten i kommunesektorens samla inntekter i 2018 er nå rekna til 2,7 mrd. kr, tilsvarande 0,6 %. For dei frie inntektene er det rekna ein reduksjon reelt på 1,6 mrd. som svarar til  – 0,4 %.

Meir om det økonomiske opplegget for 2019

Ved berekning av realvekst i kommunesektorens inntekter i 2019 blir det lagt til grunn ein pris- og lønnsvekst (deflator) i kommunal sektor på 2,8 %. Dette byggjer m.a. på eit generelt lønsvekstoverslag på 3,25 % og der løn tel knapt 2/3.

Regjeringa legg opp til ein til ein realvekst i frie inntekter på bortimot 2,6 mrd. kr eller 0,7 %. Alt går til kommunane sidan fylkeskommunane får reduserte demografi-kostnader. I kommuneproposisjonen var det varsla ein vekst på mellom 2,6 og 3,2 mrd. kr. Veksten er rekna frå anslått inntektsnivå i 2018 i revidert nasjonalbudsjett (RNB) 2018., ikkje dei nå oppjusterte inntektsoverslaga. Dette er i tråd med vanleg praksis.

Veksten i kommunesektorens samla inntekter  i 2019 er rekna til 1,9 mrd. kr, tilsvarande 0,4 %.  Dette må sjåast i samanheng med dei store utbetalingane frå havbruksfondet i 2018, der det var lagt til grunn ca. 2,4 mrd. i RNB 2018, (seinare auka til 2 756 mill. kr.)

Veksten i dei frie inntektene skal dekka desse kostnadene (mrd. kr):

 

Kommunesektoren

Kommunane

Demografi

1,0

1,6

Pensjonskostnader

0,7

0,5

Særskilte satsingar:

 

 

Tidleg innsats skule

0,2

0,2

Opptrappingsplan rus

0,2

0,2

Opptrappingsplan   habilitering og rehabilitering

0,1

0,1

Opprusting og fornying fylkesvegnettet

0,1

-

 

Det tekniske berekningsutvalet for kommunal og fylkeskommunal økonomi (TBU) har anslått meirkostnadene for kommunesektoren i 2019 som følgje av den demografiske utviklinga til 1,3 mrd. kroner. Av dette reknar ein at om lag 1 mrd. kroner må dekkast innanfor kommunesektorens frie inntekter. Overslaga over meirutgiftene er betydeleg lågare enn det dei har vore dei seinare åra. Utslaga er ulike, fylkeskommunane får reduserte demografikostnader dei nærmaste åra som følgje av reduksjon i alders-gruppa 16 – 18 år, medan det for kommunane sin del er rekna med ein auke på 1,6 mrd. som må finansierast av frie inntekter.

I Kommuneproposisjonen for 2019 rekna ein med ein vekst i kommunesektorens samla pensjonskostnader på rundt 650 mill. kr i 2019, ut over det som blir dekka av den kommunale deflatoren. Dette må dekkast av dei frie inntektene.

I tillegg kjem regjeringa sine satsingar på tiltak finansiert innanfor dei frie inntektene på i alt 600 mill. kr, dvs. tidleg innsats i skulen, opptrappingsplanen på rusfeltet, opptrappingsplan for habilitering og rehabilitering, og opprusting og fornying av fylkesvegnettet.

For kommunane sin del er handlingsrommet på 2,6 mrd. i frie inntekter dermed brukt opp. Analyser frå Senter for økonomisk forskning (SØF) viser at den samla effektiviteten auka med 0,5 % per år i perioden 2008–2016 innan sektorane barnehage, skule og pleie og omsorg. Ei effektivisering på 0,5 % i 2019 i heile kommunesektoren vil kunna frigjera 1,2 mrd. kr til ytterlegare styrking av tenestene ut over det som følgjer av inntektsveksten.

Skatteoverslaget for kommunane for 2019 (skatt på inntekt og formue) er 163,15 mrd. kr, dvs. ein vekst på 1,8 % i høve til nytt overslag for 2018. Dette byggjer  m.a. på 1,3 % sysselsetjingsvekst, 3,25 % årslønsvekst, og ein skattedel av inntektene på 40 %. Den kommunale skattøyren for 2019 er redusert med 0,25 % frå 11,8 til 11,55%.

Kommunane i Rogaland har tidlegare fått ein stor del av veksttilskotet, i 2016 fekk 10 kommunar 115 mill. av samla veksttilskot på 441 mill. kr. Dette har minka kraftig i takt med redusert folketilvekst og for 2019 får ingen kommunar i fylket del av veksttilskotet som for landet nå utgjer 232 mill. kr.

Vi viser også til portalen Kommunedata med bl.a. nettløysinga «Frie inntekter» under KMD sine nettsider.

Meir om endringane  etter tenesteområde

Helse og omsorg

Det blir føreslått 50 mill. nye kroner til rekruttering av psykologar i kommunane —tilsv. 125 nye psykologar. Totalt 205 mill. kr. Frå 1. januar 2020 er det lovfesta at alle kommunar skal ha psykologkompetanse. Det har vore ein solid auke i rekrutteringa av psykologar i kommunane frå 2013-2018. I 2013 hadde 95 kommunar psykolog, i dag er talet 287. Talet på psykologar i norske kommunar har auka frå 130 til 503 i løpet av 5 år. Dette  har gitt etablering av fleire lågterskeltilbod, betre førebyggjande helsearbeid og meir samarbeid med andre kommunale tenester og med spesialist-helsetenesta.

Regjeringa føreslår 25 mill. kroner til å styrkja rekrutteringa til og stabiliteten i allmennlegetenesta, til saman 39 mill. kr i 2019. Det skal kunna gis tilskot både til nyoppretta avtaleheimlar, faste stillingar og eksisterande heimlar/stillingar der det er rekrutteringsutfordringar.

Regjeringa føreslår 50 mill. kr for å leggja til rette for oppretting av 450 nye plassar i dagaktivitetstilbod for demente, inkl. auka tilskotssats i 2019. Som oppfølging av Stortingets vedtak 463 (2017-2018) har regjeringa heva tilskotssatsen frå 30 % til 50 % ved oppretting av nye plassar i 2019. Målet er å byggja ut tenestetilbodet før plikta for kommunane til å tilby eit dagaktivitetstilbod til heimebuande personar med demens tek til å gjelda frå 1. januar 2020.

For 2019 føreslår regjeringa 130 mill. kr og en tilsegnsramme på 2 612,6 mill. kroner for å leggja til rette for om lag 1500 heiIdøgns omsorgsplassar. 50 % av tilsegnsramma skal i 2019 gå til rein netto tilvekst. Gjennom budsjetta for 2014-2018 er den statlege tilskotsordninga forbetra og regjeringa har lagt til rette for fleire søknader om tilskot til heildøgns omsorgsplassar. Aktiviteten i ordninga har auka, og talet på plassar med innvilga tilskot per år er i snitt om lag dobla samanlikna med åra før 2014.

Det skal innførast betalingsplikt for utskrivingsklare pasientar i psykisk helsevern og TSB (Tverrfagleg Spesialisert Behandling av ruslidingar) i 2019. Det blir derfor føreslått å flytta 185 mill. kr frå regionale helseføretak til kommuneramma. Når kommunane får plikt til å betala for utskrivingsklare pasientar også frå desse fagområda, blir psykisk helse og rus likestilt med somatikk. Forskrifta blir endra slik at betalingsplikta vil gjelda for opphaldskommunen.

Det blir føreslått 281 mill. kr til Opptrappingsplan for rusfeltet. Av dette 200 mill. kr gjennom styrking av kommunanes frie inntekter og 81 mill. kr gjennom ein tverrdepartemental oppfølging av opptrappingsplanen.

Regjeringa føreslår 100 mill. kroner til opptrappingsplanen for habilitering og rehabilitering som ein del av kommunanes frie inntekter. Med dette så har Regjeringa følgt opp målsetjinga om 300 mill. kr i stimuleringsmidlar til opptrappingsplanen i perioden 2017-2019.

 

Barnehage og skule

Tidleg innsats i barnehage og skole er langt meir føremålstenleg enn å kompensera forskjellar seinare i opplæringsløpet. Regjeringa satsar derfor vidare på dette feltet.

Barnehage

Regjeringa føreslår å utvida dagens ordning med gratis kjernetid for 3-, 4- og 5-åringer til også å omfatta 2-åringar. Forslaget vil gi familiar med låg inntekt eit rimelegare barnehagetilbod og bidra til auka barnehagebruk for familiar med låg inntekt, og betra integreringa og språkopplæringa blant minoritetsspråklege barn.

I tillegg foreslår regjeringa om lag 10 mill. kr til å oppretta nye studieplassar for barnehagelærarar. Dette vil bidra til å auka tilgangen på barnehagelærarar.

Maksimal foreldrebetaling aukar med 50 kr per månad frå 1. aug. 2019.

Lærarnorm

Sidan 2015 er det løyvt betydelege øyremerka midlar som har sikra fleire lærarar i grunnskulen. Hausten 2018 blei lærarnorma i grunnskolen innført, og totalt blei det løyvt 1,4 mrd. i 2018. I 2019 føreslår regjeringa å vidareføra den øyremerka løyvinga til fleire lærarårsverk med 1 468 mill. kroner. I tillegg er 200 mill. kroner av veksten i dei frie inntektene til kommunane grunngitt med ei særskilt satsing på tidleg innsats i skulen, som blant anna kan nyttast til fleire lærarårsverk ved opptrappinga av lærarnorma hausten 2019.

Både dei 200 mill. kronene av veksten i frie inntekter og om lag 1 mrd. kr av den øyremerka løyvinga vil bli fordelt til kommunane etter grunnskolenøkkelen. Dette gjer det mogleg å auka lærartettleiken også i kommunar som alt oppfyller kravet i lærarnorma.

Endringar og justeringar i rammetilskotet, tilskotsordningar m.v.:

Ressurskrevjande tenester: Det blir føreslått å auka innslagspunktet med kr 50 000 meir enn lønsveksten, dvs. til kr 1 320 000. Bakgrunnen er den kraftige veksten i ordninga. Kompensasjonsgraden er uendra på 80 %.

Satsane på dei regionalpolitiske tilskota (med unntak av regionsentertilskotet)  blir prisjusterte for 2019, i motsetnad til inneverande år.

Ved fordelinga av distriktspolitiske tilskot blir den «gamle» distriktsindeksen brukt, oppdatert med 2017-tal. Innrettinga av dei regionalpolitiske tilskota vil bli vurdert i kommuneproposisjonen for 2020.

Rammetilskotet blir auka med 47,1 mill. kr som kompensasjon for auka inntektsgrense for gratis kjernetid i barnehage for 3, 4 og 5-åringar i barnehage (heilårseffekt) og 45,7 mill. kr for å inkludera 2-åringane i ordninga frå 1. august 2019.

Betalingsplikt for utskrivingsklare pasientar i psykisk helsevern og TSB (jf. ovanfor) fører til at 185 mill. kr blir flytta frå helseføretaka til rammetilskotet.

Heilårseffekten av takstoppgjeret for allmennlegar i 2018 gir ein auke i rammetilskotet på 100 mill. kr i 2019.

Auka foreldrebetaling i barnehage frå 1.1.2018 gir noko lågare etterspørsel etter barnehageplass og rammetilskotet er redusert med 21,9 mill. kr. Føreslått auka maksimalpris for ein heiltidsplass i barnehage på 50 kr per månad frå 1.8.2019 gir ein reduksjon på 65,8 mill. kr.

Auka elevtal i statlege og private skular reduserer rammetilskotet med 103,3 mill. kr.

Forslaget i Kommuneproposisjonen om å bruka konserntal ved berekning av utgiftsbehovet fekk ikkje tilslutning i Stortinget.

Kompensasjon for bortfall av eigedomsskatt på produksjonsutstyr og installasjonar:

Stortinget vedtok at kommunane skal få tilnærma full kompensasjon for bortfall av inntekter frå eigedomsskatt på produksjonsutstyr og  installasjonar. Kompensasjonen er avgrensa  oppover til 500 mill. kroner. Som følgje av at lovendringa blir fasa inn over sju år, svarar kompensasjonen for 2019 til 1/7 av maksimal kompensasjon på 500 mill. kr. I 2019 blir det dermed sett av 71 mill. kroner innanfor skjønstilskotet.  Utslaga kan først dokumenterast etter nytaksering og midla vil derfor bli fordelt i løpet av 2019. Saka vil bli omtalt i RNB 2019.

Skjønstilskot til kommunar som blei ufriviljug åleine: Tilskotet blir halvert i 2019 og fell heilt bort i 2020.

Den gradvise innlemminga i rammetilskotet av bustadsosiale tilskot som blei sett i gong i 2017 blir sluttført i 2019, dvs. 8,9 mill. kr frå kap. 621 post 63 og 15,6 mill. kr frå det bustadsosiale kompetansetilskotet på kap. 581 post 78.

Dei øyremerka midlane til frivilligsentralar blei overført til rammetilskotet i 2017. Midlane blir gitt ei særskilt fordeling i ein overgangsperiode på fire år. Det blir føreslått ein auke på 7,6 mill. kroner i 2019 til nyetablerte sentralar. Kommunevis fordeling går fram av tabell C-k i Grønt hefte.

Utbetalingane frå havbruksfondet må ein rekna med blir vesentleg lågare i 2019.

Det blir sett ned eit nytt utval for å gjennomgå inntektssystemet på nyåret 2019.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.