Kommuneopplegget i statsbudsjettet for 2018

Forslag til statsbudsjett blei lagt fram torsdag 12. oktober og vi har utarbeidd eit samandrag av kommuneopplegget. For kommunane i fylket samla er det venta ein nominell vekst i frie inntekter på 3,1 %, mot 2,6 % for landet, i høve til overslag på rekneskap 2017.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 12.10.2017

Nokre hovudpunkt i budsjettforslaget:

  • Det blir lagt opp til ein realvekst i frie inntekter på bortimot 3,8 mrd. kr eller 1,0 %. Av dette 3,6 mrd. kr til kommunane. Veksten er rekna frå anslått inntektsnivå i 2017 i revidert nasjonalbudsjett (RNB) 2017.
  • Veksten i kommunesektorens samla inntekter  i 2018 er rekna til 4,6 mrd. kr, tilsvarande 0,9 %.  
  • Realveksten byggjer på anslått kostnadsvekst i kommunesektoren (deflator) i 2018 på 2,6 %.
  • Sysselsetjingstilskotet til vedlikehald og rehabilitering fell bort neste år.
  • Skatteøyret er uendra på 11,8 %.
  • Skatteoverslaget for 2017 er oppjustert med 3 365  mill. for kommunane i høve til Kommune-proposisjonen/RNB i vår.

Endringar i det økonomiske opplegget for 2017

Skatteoverslaget er oppjustert med 4 mrd. kr, av dette 3 365 mill. for kommunane, i høve til  i revidert nasjonalbudsjett (RNB).

Skatteoverslag for kommunane for 2017 (mill. kr og vekst frå 2016:

 

Mill kr

Vekst %

Rekneskapstal 2016

149 814 

 

Statsbudsjettet 2017 – 6.10.16

151 900

1,4

Komm.prop. 2017 - 11.5.17

151 375

1,0

Statsbud. for 2018- 12.10.17

154 740

3,3

Dette er forklart med ekstraordinært store uttak av utbytte til personlege skattytarar for inntektsåret 2016, noko som truleg dreier seg om tilpassingar til skattereforma.

Deflatoren for 2017 er uendra, dvs.  2,3 %, i høve til RNB 2017. Av dette lønsvekst 2,4 %.

Den reelle veksten i kommunesektorens samla inntekter i 2017 er nå rekna til 6,4 mrd. kr, tilsvarande 1,4 %. Realveksten i dei frie inntektene er rekna til 2,5 mrd. kr, tilsvarande 0,7 %. Inntektsveksten i 2017 blir dermed betydeleg sterkare enn det ein rekna med i RNB 2017.

Meir om det økonomiske opplegget for 2018

Ved berekning av realvekst i kommunesektorens inntekter i 2018 blir det lagt til grunn ein pris- og lønnsvekst (deflator) i kommunal sektor på 2,6 %. Dette byggjer m.a. på eit generelt lønsvekstoverslag på 3,0 % og der løn tel knapt 2/3.

Regjeringa legg opp til ein realvekst i frie inntekter på 3,8 mrd. kr eller 1,0 %. Av dette 3,6 mrd. kr til kommunane. Dette er i tråd med det som blei varsla i Kommuneproposisjonen 2018, (dvs. ein vekst på mellom 3,8 og 4,3 mrd. kr). Veksten er rekna frå anslått inntektsnivå i 2017 i RNB 2017, ikkje dei nå oppjusterte inntektsoverslaga. Dette er i tråd med vanleg praksis.

Veksten i kommunesektorens samla inntekter  i 2018 er rekna til 4,6 mrd. kr, tilsvarande 0,9 %. 

Veksten i dei frie inntektene skal dekka desse kostnadene (mill. kr):

 

Kommunesektoren

Kommunane

Demografi

2 200

2 200

Pensjonskostnader

400

300

Særskilte satsingar:

 

 

Tidleg innsats barnehage og skule

200

200

Opptrappingsplan rus

300

300

Førebyggjande tiltak barn, unge og familiar

200

200

Eiga fordeling båt- og ferjefylke

100

-

     

Det tekniske berekningsutvalet for kommunal og fylkeskommunal økonomi (TBU) har anslått meirutgiftene for kommunesektoren i 2018 til om lag 2,7 mrd. kr som følgje av den demografiske utviklinga. Av dette reknar ein at om lag 2,2 mrd. kr må finansierast innanfor veksten i frie inntekter, og heile auken kan tilskrivast kommunane.

I Kommuneproposisjonen for 2018 rekna ein med ein vekst i kommunesektorens samla pensjonskostnader på rundt 350 mill. kr i 2018, ut over det som blir dekka av den kommunale deflatoren. Dette må dekkast av dei frie inntektene.

I tillegg kjem regjeringa sine satsingar på tiltak finansiert innanfor dei frie inntektene på i alt 800 mill. kr, dvs. tidleg innsats i barnehage og skule, opptrappingsplanen på rusfeltet, førebyggjande tiltak for barn, unge og familiar for å rusta kommunane til barnevernsreforma, og ei særskilt fordeling til ferjefylka.

Innanfor den samla veksten i frie inntekter gir dette eit handlingsrom for kommunesektoren på vel 400 mill. kr.

Dersom kommunesektoren set eit effektiviseringskrav til eiga verksemd på 0,5 %, svarar det til 1,2 mrd. kr i 2018, midlar som kan frigjerast til betring av tenestene ut over det som inntektsveksten i seg sjølv legg til rette for, eller styrking av den finansielle situasjonen. Ein reknar med eit potensiale for effektivisering for kommunane samla innan skule, barnehage, og pleie og omsorg på 12 % dersom alle kommunar blir like effektive som den mest effektive av samanliknbare kommunar.

Skatteoverslaget for kommunane for 2018 (skatt på inntekt og formue) er 158,5 mrd. kr, dvs. ein vekst på 2,4 % i høve til nytt overslag for 2017. Dette byggjer  m.a. på 1,1 % sysselsetjingsvekst, 3,0 % lønsvekst, og ein skattedel av inntektene på 40 %. Den kommunale skattøyren for 2018 er uendra frå 2017, dvs. 11,8 %.

For 2016 er det løyvt 400 mill. og for 2017 650 mill. kr i vedlikehaldstilskot til kommunar på Sør- og Vestlandet. Dette blir ikkje vidareført.

Kommunane i Rogaland har tidlegare fått ein stor del av veksttilskotet. Veksttilskotet utgjer for landet 312,4 mill. i 2018 mot  422,4 mill. i 2017, og 440,6  mill. kr i 2016. Av dette går 13,7 mill. til 5 kommunar i Rogaland mot 57,4 mill. kr til 7 kommunar i 2017 og 115,3 mill. kr til 10 kommunar i 2016.

I prop. 1 LS (2017–2018) kap. 38 er det ein gjennomgang av momskompensasjonsordninga for rus og psykiatribustader, med ein del nye presiseringar.

Vi viser også til portalen Kommunedata med bl.a. nettløysinga «Frie inntekter» under KMD sine nettsider.

Endringar og justeringar i rammetilskotet, tenesteområda, tilskotsordningar m.v.:

(ein del ordningar som ikkje vedkjem kommunar i Rogaland er ikkje med her)

Regionalpolitiske tilskot: Departementet føreslår at satsane på dei regionalpolitiske tilskota ikkje blir prisjusterte. Innsparinga blir omdisponert til ei styrking av innbyggjartilskotet.

Ny grenseverdi for inntektsgarantiordninga: Grenseverdien for INGAR aukar frå 300 til 400 kr per innbyggjar i 2018. Ein må altså ha inntekter som er minst 400 kr lågare per innbyggjar enn landsgjennomsnittet før ein blir kompensert gjennom INGAR.

Skjønstilskot til kommunar som blei ufriviljug åleine: Tilskotet blir vidareført i 2018 etter same fordeling som i 2017, og blir prisjustert.

Deltidsbrannpersonell: Kravet om kompetanse til deltidsbrannpersonell tok til å gjelda 1.januar 2017. I lys av det vil ikkje den særskilte fordelinga i tabell C bli vidareført, men fordelt etter kostnadsnøkkelen for kommunane frå 2018. 38,9 mill. kr blir overført frå tabell C til det ordinære rammetilskotet.

Ressurskrevjande tenester: Regjeringa føreslår å stramma inn toppfinansieringsordninga for ressurskrevjande brukarar ved å auka innslagspunktet med 50 000 kr utover prisjusteringa, slik at nytt innslagspunkt blir 1,235 mill. kr. Kompensasjonsgraden på 80% er føreslått uendra.

Overgangsordning til kommunar som slår seg saman: Kommunar som slo seg saman i kommunereforma, og tapte på endringane i basistilskotet og småkommunetillegget frå 2016 til 2017 blir kompensert for dette med ein eiga overgangsordning fram til samanslåing trer i kraft. I 2017 var kompensasjonen ein del av skjønstilskotet og i var 268 mill. kr i 2017. I 2018 er overgangsordninga overført til innbyggjartilskotet, og midlane blir prisjusterte og har ei særskilt fordeling i tabell C i grønt hefte.

Innlemming av bustadsosiale tilskot trappast opp: Bustadsosialt kompetansetilskot: I statsbudsjettet for 2017 blei deler av kompetansetilskotet innlemma i rammetilskotet til kommunane. For 2018 er det føreslått å innlemma ytterlegare 15,5 mill. kr i ramma.

Bustadsosialt arbeid: I 2017 blei 10 mill. kr av tilskotet innlemma i ramma. Det er føreslått å innlemma ytterlegare 28,5 mill. kr i 2018.

Tilskot til frivilligsentralar: Dei øyremerka midlane til frivilligsentralar blei overført frå Kulturdepartementets budsjett til rammetilskotet til kommunane i 2017. Det er foreslått å auka løyvinga med 15 mill. kr i 2018, inkludert 6,6 mill. kr til kommunar med nyetablerte frivilligsentralar. Fordelinga står i tabell C-k i grønt hefte.

Opptrappingsplan for rus: 300 mill. av auken i frie inntekter er grunngitt med opptrappingsplanen for rusfeltet. Midlane blir fordelte etter kostnadsnøkkelen for sosialhjelp.

Investeringstilskotet til heildøgns omsorgsplassar: Det blir føreslått investeringstilskot til om lag 1 800 heildøgns omsorgsplassar. I 2018 er det sett av 152,5 mill. kr til dette. Stortinget har vedtatt å leggja om investeringstilskotet slik at det berre blir gitt tilskot til prosjekt som aukar samla tal på omsorgsplassar frå 2021. Det blir dermed ikkje gitt tilskot til rehabilitering av eksisterande plasser etter dette. I Prop. 1 S (2016 – 2017) var det føreslått at høvesvis 20, 40, 60 og 80 % blei reserverte tilskot til plassar som gav netto vekst. I år er det ikkje konkrete satsar, men det står det at i perioden 2017 – 2020 kan ein nytta delar av tilskotet til utskifting av eksisterande bygningsmasse gjennom utskifting eller renovering.

Dagaktivitetstilbod til personar med demens: Regjeringa føreslår å vidareføra tilskotsordninga for dagaktivitetstilbod for personar med demens, og vil leggja til rette for om lag 350 fleire dagaktivitetsplassar. Regjeringa vil også fremja forslag til endring i helse- og omsorgstenestelova som fastslår plikt for kommunar til tilby aktivitetstilbod for heimebuande personar med demens frå 1.januar 2020.

Grunn-, vidare- og etterutdanning i omsorgstenestene: Regjeringa vil styrkja grunn-, vidare-, og etterutdanninga av tilsette i omsorgstenestene. De er føreslått å auka løyvinga med 25 mill. kr til totalt 350 mill. kr. i 2018.

Tidleg innsats i barnehage og skole: Regjeringa føreslår å styrkja arbeidet med tidleg innsats i barnehage og skole for å fanga opp utfordringar og følgja opp raskt. 200 mill. kr av veksten i frie inntekter er grunngitt med ein auka satsing på tidleg innsats i 2018. 100 mill. kr er føreslått fordelt etter delkostnadsnøkkelen for barnehage, og resterande 100 mill. kr fordelt etter delkostnaden for grunnskole.

Tidleg innsats – overgang mellom barnehage og skole: Regjeringa har sendt på høyring forslag om å lovfesta plikt for barnehage- og skoleeigarar til å samarbeida om overgangen mellom barnehage og skole. Det er føreslått å kompensera kommunane ved å auka ramma med 20 mill. kr i 2018.

Vidare føreslår regjeringa å innføra ei tilskotsordning til støtte for kommunar som har mange minoritetsspråklege barn som ikkje går i barnehage. Tilskotet skal gå til informasjons- og rekrutteringsarbeid for å auka barnehagedeltakinga blant minoritetsspråklege.

Barnevern: 200 mill. kr av forslaget til vekst i frie inntekter til kommunane er grunngitt med forebyggande tiltak for barn, unge og familiar for å rusta kommunane som får større ansvar innan barnevern etter barnevernsreforma. Det underbyggjer prioriterte satsingar innanfor arbeidet med psykisk helse, rus, og opptrappingsplan mot vald og overgrep, samt at det opnar for at kommunane kan prioritera ytterlegare satsing på helsestasjons- og skolehelsetenestene i 2018. Midlane blir fordelte etter samla kostnadsnøkkel.  

Tilskot til barnevernsfagleg vidareutdanning blir auka frå 6,2 mill. kr til 19,7 mill.kr i 2018. I tillegg er det sett av 9,5 mill. kr til teneste- og tiltaksutvikling i kommunale barnevernstenester.

Myndigheit til vigsel blir overført til kommunane: Ansvaret for vigslar blir overført frå domstolane til kommunane 1.januar 2018. Det er føreslått at kommunane får kompensasjon gjennom ein auke i ramma på 3 mill. kr.

Andre endringar i rammetilskotet til kommunar som følgje av endringar i oppgåvefordeling, regelendringar, innlemming av øyremerka tilskot, mv.

Helsenett, ny finansieringsmodell: Kommunane betalar ein årleg kontingent for å vera tilknytt helsenettet, ein sikker digital arena for helsesektoren. For å forenkla betalinga her, er det føreslått å overføra 32,6 mill. kr, tilsvarande kommunanes samla kontingent frå ramma til Helse- og omsorgsdepartementets budsjett i 2018.

Tilskot til barnehagelærarar, heilårseffekt: Det øyremerka tilskotet til fleire barnehagelærarar blei i 2017 innlemma i ramma til kommunane. Endringane får heilårseffekt i 2018, og det er føreslått å innlemma ytterlegare 247,2 mill. kr. Midlane skal finansiera ein skjerpa pedagognorm som etter planen skal tre i kraft 1.august 2018. KMD bereknar heilårseffekten til 424 mill.kr for kommunane samla. KS har rekna seg fram til eit beløp som er over dobbelt så stort.

Auka kommunale barnehageutgifter som følgje av butidskrav for kontantstøtte, heilårseffekt: 1. juli 2017 kom kravet om 5 års butid før ein kvalifiserte for kontantstøtte. Dette auka etterspørselen etter kommunale barnehageplassar, og endringa får heilårseffekt i 2018. Regjeringa føreslår å auke ramma med 18,5 mill. kr som kompensasjon for heilårseffekten.

Reduserte kommunale barnehageutgifter som følgje av auka kontantstøtte, heilårseffekt: Det blei vedtatt å auka kontantstøtta til 7500 kr frå 1.august 2017. Dette medførte redusert etterspørsel etter barnehageplassar. På bakgrunn av heilårseffekten ein får i 2018 er det føreslått å redusera ramma med 127,9 mill. kr.  

Auka inntektsgrense for gratis kjernetid i barnehage: I RNB for 2017 blei det vedtatt å auke inntektsgrensa for gratis kjernetid i barnehagen frå 428 000 kr til 450 000 kr, med verknad frå 1.august 2017. For å kompensera for heilårseffekten i 2018 er det føreslått å leggja 3,9 mill. kr meir i ramma.

Auka foreldrebetaling i barnehage med 110 kr per månad: Regjeringa foreslår å auke maksimalprisen for ein heiltids barnehageplass med 110 kr per månad frå 1.januar 2018. Som følgje av dette blir ramma redusert med 301,5 mill. kr.

Servicehundar: Det er forslag om å innføre permanent ordning for servicehundar i offentleg regi, finansiert av Arbeids- og sosialdepartementets budsjett. Ramma til kommunane blir dermed redusert med 5 mill. kr i 2018.

Vedlegg: sjå høgremenyen

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.