Analyseverktøy KOSTRA-tal for 2015

Vi legg fram ein ny versjon av eit samanlikningsverktøy for kommunal økonomi og tenesteyting, oppdatert med endelege KOSTRA-tal for 2015.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 26.10.2016

Analyseverktøyet kan brukast av alle som treng rask tilgang til ferdigdefinerte analysar av KOSTRA-tal. Verktøyet er utforma slik at det er brukaren som sjølv vel ut kommunar og type tenester som skal analyserast.

KOSTRA er eit nasjonalt informasjonssystem som viser statistiske data for økonomi og tenesteproduksjon i kommunane. KOSTRA dekkjer økonomi, dekningsgrader, einingskostnader, prioritering og kvalitetsindikatorar for heile spekteret av kommunale tenester. Analyseverktøyet som er presentert her byggjer direkte på systematikken som ligg i databasane til SSB og dekkjer dei fleste viktige kommunale tenesteområde. Dersom ein treng utfyllande informasjon om KOSTRA, finn ein dette på SSB og KMD sine KOSTRA-sider. Her vil omgrepa og definisjonane som blir brukt i KOSTRA vera nærare forklart.

Etter tilråding frå SSB og KRD brukar vi i stor grad konserntal. Føremålet med dette er å få fram tal som i mindre grad er påverka av kommunal organisering. Du kan lesa meir om KOSTRA konserntal hos SSB.

Styringsarka for samanlikningsverktøyet er i utgangspunktet lagt ut med data for kommunenr. 1101 Eigersund og 1102 Sandnes  for åra 2013-2015, vidare fylkes- og landstal for 2015. i dei gule felta kan ein fritt kan velja år og eit felt der ein kan velja kommune (basert på kommunenr.) og kommunegruppe, fylke og tal for heile landet.

Merk at det er brukt nedtrekksmenyar i dei gule styringscellene (klikk på cella og pila som kjem opp). Vi ber om tilbakemelding dersom ein får problem med å opna reknearka.

Grunnstrukturen i analyseverktøyet er utarbeidd av Helge Holthe hos Fylkesmannen i Nord-Trøndelag.

Lenkjer til reknearka:

Kostraområde A. Finans

Kostraområde A1. Finans - konserntal

Kostraområde B. Behovsprofil

Kostraområde C1 Barnehage (konsern)

Kostraområde D1. Grunnskole (konsern)

Kostraområde E1. Kommunehelse (konsern)

Kostraområde F. Pleie og omsorg

Kostraområde F1. Pleie og omsorg (konsern)

Kostraområde G1. Sosialtjenesten (konsern)

Kostraområde H1. Barnevern (konsern)

Liste over kommunenr. og kommunegrupper finn ein i arket "Regioner "

Lenkje til SSB KOSTRA

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.