Folketilveksten minkar

Folketalet i Rogaland aukar framleis meir enn landet, men ikkje så mykje som åra før. Likevel hadde berre Oslo og Akershus høgare vekst i fjor, i følgje ferske folketal frå SSB

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 20.02.2015

Rogaland hadde ein auke i folketalet på 1,5 % i 2014, mot 1,1 % for landet. I 2013  var veksten 1,7 % og året før 2,0%, medan landsauken desse åra var 1,1 og 1,3 %.

Folketalet auka med 6 677  personar til  466 302. Fylket hadde 12 % av folketilveksten i landet mot 13 % i 2013 og 14 % i 2012. Saman med Hordaland hadde ein 22,5 %, medan Oslo og Akershus hadde 39  % av tilveksten. I 2013 var tilsvarande tal 25 og 34 %.

Størst prosentvis vekst av kommunane hadde Finnøy med 2,9 %, deretter kjem Gjesdal og Sola. Dei siste 10 åra har auken vore størst i Rennesøy med 43,1 % (men «berre» 0,8 % i fjor). Andre kommunar med sterk vekst desse åra er  Sola, Klepp, Sandnes, Time, Hå og Gjesdal, som alle har over 25 %. Størst vekst i nord-fylket har det vore i Haugesund og Tysvær, begge  med 15,9 % dei siste 10 åra. I absolutte tal auka Sandnes i fjor meir enn Stavanger, 1 724 mot 1 348 personar.

 Forsand hadde størst nedgang i folketalet i fjor, 34 personar eller 2,7 %. Det var nedgang også med nokre få personar i Hjelmeland, Sauda, Bokn og Utsira. Siste 10 åra har folketalet gått ned i Utsira, Sauda og Suldal, mest i Utsira med 3,3 % og Sauda med 1,3 %. Hovudtendensen er som før at veksten er størst i dei sentrale kommunane og at det er tilbakegang eller svak vekst i utkantane. Ein tendens er også auka vekst dei seinare åra i meir mellomliggjande kommunar, slik som Bjerkreim, Strand, Finnøy og Tysvær.

Alderssamansetjing

Dei nyaste folketala frå SSB viser m.a. at Rogaland framleis har høgast del unge under 15 år. Berre Oslo har lågare del 67 år og eldre, av fylka i landet. Dei under 15 år utgjer 21,5 % i Rogaland mot 19,3 % for landet, aldersgruppa 67 år og eldre utgjer 11,4 % i Rogaland og 14,0 %  i landet.

Av kommunane har Rennesøy størst del unge (under 15 år), medan Kvitsøy og Sauda har størst del eldre (67+ år). Berre to kommunar har lågare del unge enn landssnittet.

Utvikling i folketal og aldersgrupper påverkar inntektene til kommunane gjennom rammeoverføringa frå staten. Særleg viktig vil utviklinga i talet på barn og unge under 16 år og dei som er 67 år og eldre. Det er desse gruppene som gir mest utteljing i inntektssystemet for kommunane, sidan dei er dei viktigaste brukarane av kommunale tenester. Fram til 2009 blei rammeoverføringa omrekna i budsjettåret på grunnlag av folketal og tal for aldersgrupper pr 1. januar i budsjettåret. Frå og med 2009 gjeld denne omrekninga ikkje innbyggjartilskotet og utgiftsutjamninga, som nå blir fastsett på grunnlag av folketal 1.juli  året før, medan inntektsutjamninga framleis blir rekna på grunnlag av folketalet 1.1. Nye folketal pr. 1.1.15 påverkar dermed i seg sjølv berre inntektsutjamninga for 2015. Demografiske tendensar vil likevel seia noko om kva utvikling ein kan venta i rammeoverføringa komande år.

Tabellar:

Endring i 2014 i %

     

Finnøy

2,9

 

Stavanger

1,0

Gjesdal

2,5

 

Rennesøy

0,8

Sola

2,5

 

Karmøy

0,7

Sandnes

2,4

 

Eigersund

0,7

Time

2,3

 

Lund

0,7

2,3

 

Kvitsøy

0,6

Strand

2,1

 

Suldal

0,3

Tysvær

1,8

 

Vindafjord

0,2

Rog. u. Stvgr.

1,6

 

Sokndal

0,2

Bjerkreim

1,5

 

Hjelmeland

-0,1

Rogaland

1,5

 

Sauda

-0,1

Klepp

1,4

 

Bokn

-0,3

Randaberg

1,3

 

Utsira

-2,4

Haugesund

1,2

 

Forsand

-2,7

Landet

1,1

 

 

 

 

Unge og eldre sortert etter del unge (% 1.1.2015)

 

0-15 år

67+år

   

0-15 år

67+år

Rennesøy

25,0

9,7

 

Kvitsøy

21,3

19,5

Tysvær

24,3

12,3

 

Vindafjord

21,1

14,5

Bjerkreim

24,2

11,2

 

Finnøy

21,1

14,6

Gjesdal

24,1

8,0

 

Sokndal

20,8

16,2

23,9

10,5

 

Suldal

20,8

16,4

Klepp

23,8

10,1

 

Eigersund

20,8

13,4

Strand

23,2

12,5

 

Bokn

20,6

17,3

Time

23,1

10,6

 

Utsira

19,9

16,0

Forsand

22,8

13,2

 

Stavanger

19,8

11,0

Sola

22,7

10,0

 

Haugesund

19,1

13,1

Hjelmeland

22,5

15,4

 

Sauda

18,2

18,2

Sandnes

22,5

9,9

       

Randaberg

22,4

11,2

 

Rogaland

21,5

11,4

Lund

22,1

14,1

 

Rog. u. Stvgr.

22,2

11,6

Karmøy

21,6

13,1

 

Landet

19,3

14,0

Kjelde: SSB

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.