Generelt om Fylkesmannen si rolle i grensejusteringssaker etter inndelingslova

Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har i delegeringsvedtak av 10. mars 2017 delegert delar av avgjerdsmakta si til fylkesmennene. Under går me gjennom nokre av Fylkesmannen sine oppgåver etter inndelingslova.

Søknader som kjem inn før Stortinget tar stilling til proposisjonen om kommunereforma tidleg i juni 2017, reiser særlege spørsmål. Rundskriv H-10/15 om inndelingslova, s. 14 og 15 inneheld ein fullstendig oversikt over Fylkesmannen sine oppgåver etter inndelingslova.

  • Fylkesmannen kan gjera vedtak om grensejustering mellom kommunar i same fylke, dersom kommunane er samde om dette. Fylkesmannen kan behandla grensejusteringsspørsmålet i desse tilfella, sjølv om det er departementet som har avgjort at saka er ei grensejusteringssak (sjå neste punkt). Initiativ til slik grensejustering kan komma frå til dømes innbyggarar, næringsdrivande og kommunestyre.
  • I saker der Fylkesmannen kan treffa vedtak om grensejustering etter førre punkt, er det også Fylkesmannen som tar stilling til om saka skal utgreiast. I andre grensejusteringssaker er det departementet som tar stilling til utgreiingsspørsmålet og som tar stilling til grensejusteringsspørsmålet.
  • Det er i utgangspunktet departementet som tar stilling til om ei sak skal behandlast etter dei strengare prosessreglane for kommunedelingar, eller som grensejusteringar. Departemenentet kan fastsetja at endring av grensene i eit område skal behandlast som grensejustering dersom området har ein mindre del av innbyggjarane i ein kommune. Normalt vil 25 prosent av innbyggarane danna den øvste grensa for kva som er "ein mindre del av kommunen". I store kommunar vil derfor større areal og innbyggartal kunna bli omfatta av grensejusteringar enn i små kommunar. Fylkesmannen kan ta avgjerd om at ei sak skal behandlast som ei grensejusteringssak dersom delinga omfattar mindre enn 10 prosent av innbyggarane i kommunen.
  • Fylkesmannen har altså så langt i år (2017) mottatt éin søknad knytt til justering av kommunegrensa i ein kommune (Forsand) som inngår i kommunereforma. Den normale rutina i slike saker er at departementet, eventuelt Fylkesmannen, tar stilling til om saka skal behandlast som grensejusteringssak eller som samanslåings- eller delingssak. Dersom saka skal behandlast vidare som grensejusteringssak, vil Fylkesmannen henta inn fråsegn frå dei berørte kommunane før ein tar stilling til den vidare saksgangen. Rundskrivet om inndelingslova gir ikkje svar på korleis grensejusteringssaker skal behandlast når dei aktuelle kommunane, eventuelt saman med annan kommune, alt er omfatta av ei delingssak, slik tilfellet er under kommunereforma.
  • Fylkesmannen har derfor i samråd med departementet beslutta å utsetja vidare saksgang i den aktuelle grensejusteringssaka til Stortinget har tatt stilling til proposisjonen om kommunereforma. Det er venta at departementet kjem med meir informasjon om framgangsmåten i slike saker etter Stortinget si behandling.