Fråsegner

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 03.12.2014

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Publisert 29.06.2018

Bør grensa mellom Forsand og Strand kommune endrast?

Fylkesmannen i Rogaland fekk i oppdrag frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet å ta stilling til eit innbyggarinitiativ om endring av grensa mellom Forsand og Strand kommune, slik at ein del av Forsand kommune på nordsida av Lysefjorden blir overført til Strand kommune.


Publisert 11.06.2018

Bør grensa mellom Finnøy og Hjelmeland kommune, på øya Ombo, endrast?

Fylkesmannen i Rogaland har fått i oppdrag frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet å ta stilling til om heile øya Ombo i framtida skal tilhøyre Finnøy kommune («Nye Stavanger») eller om øya skal vere delt mellom Finnøy og Hjelmeland som i dag. Departementet skal gjere endeleg vedtak i saka.


Publisert 26.06.2015

Informasjonsmøte om val av formannskap – presentasjonar og aktuelle skriv

Det var 34 deltakare frå 20 kommunar med på møtet som vart arrangert av Fylkesmannen i Rogaland, i Statens Hus. Det blei under møtet òg tatt opp generelle spørsmål knytt til kommunal saksbehandling. Nedanfor finn du òg ein presentasjon utarbeidd av Kommunal- og moderniseringsdepartementet 16.4.2015 knytt til dette temaet.


Publisert 27.11.2014

Greater Stavanger – habilitet ved behandling av planar

Stavanger kommune har bedt Fylkesmannen vurdere om styremedlemmene i Greater Stavanger er inhabile når planer, utgreiingar m.v. blir behandla i kommunale organ. Fylkesmannen konkluderar på generelt grunnlag med at ugildskap normalt ikkje inntrer i slike situasjonar.


Publisert 10.03.2014

Fakturagebyr for kommunale tenester?

Tysvær kommune ber Fylkesmannen vurdere om kommunen kan krevje papirfakturagebyr for faste betalingsoppdrag for barnehage, skolefritidsordning, kulturskule samt husleige. I svarbrevet frå Fylkesmannen framgår det at dette varierer for dei ulike kommunale tenesteområda.