Tildeling av midlar til innovasjonsprosjekt 2018 – 2.runde

Det er fordelt 2,18 mill. kr til kommunale innovasjons- og fornyingsprosjekt. Dette kjem i tillegg til 3,67 mill. kr som blei fordelt i juni. Midlane går til tre nye prosjekt og som tilleggsløyving til fem av dei som fekk midlar i juni.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 08.11.2018

idlegare i år tildelte vi midlar til kommunale innovasjons- og fornyingsprosjekt i 1. runde. Det blei haldt av ein reserve på 3,38 mill. som blir tildelt i denne runden. Restpotten er fordelt med kr 1 200 000 som tillegg til prosjekt som fekk midlar i 1. runde og kr 980 000 til nye prosjekt, vidare kr 1 200 000 til to kommunar på generelt grunnlag. Desse prosjekta har fått midlar:

Kommune Prosjekt Tillegg Ny
Sandnes Fleksibel avlastning 100 000  
  På gulvet   150 000
  Kvalitetsheving av bygningsinformasjon i   matrikkelen   200 000
Stavanger Utprøving av IKART -  InterKommunalt Ambulant   RehabiliteringsTeam   630 000
Innsida ut – digital dialog: raskare og enklare   kontakt og tenester 150 000  
Time Styrke samarbeidet med frivilligheten 150 000  
Sola Samskaping og Digitalisering 600 000  
Tysvær Implementering av velferdsteknologi i Haugaland Vekst kommunene 200 000  
  sum 1 200 000 980 000

Samla søknadssum ligg på ca. 14 mill. kr. Det har derfor vore nødvendig med ei streng prioritering av søknadene. Vi har rådført oss med KS lokalt om utveljinga av prosjekt sidan KS har omfattande arbeid på innovasjonsfeltet. Meir om ordninga her og på KMD sine nettsider.

Nærare om dei nye prosjekta:

Sandnes kommune får kr 150 000 til prosjektet «På gulvet» som går ut på å utvikla og dokumentera ein praktisk rettleiingsmetodikk for foreldre i vanskelege barnevernssaker. Prosjektet fekk også midlar i 2017.

Sandnes får også kr 200 000 til «Kvalitetsheving av bygningsinformasjon i matrikkelen». Målet er å få betre kvalitet på matrikkeldata, noko som gir betre grunnlag for tenesteutøving og mulighet til å digitalisera tenester.

Stavanger kommune får kr 630 000 til «Utprøving av IKART- InterKommunalt Ambulant RehabiliteringsTeam». Formålet er ambulant klinisk oppfølging av yngre brukarar med store og samansette behov. Kommunane i nedslagsfelt til Helse Stavanger HF er med på prosjektet.

Kontaktpersonar nye prosjekt (dei som også fekk i juni står i nettsaka som blei lagt ut då):

Kommune Prosjekt Kontaktperson
Sandnes På gulvet Arild Heskje
  Kvalitetsheving av bygningsinformasjon i matrikkelen Åge Djuve
Stavanger Utprøving av IKART - InterKommunalt Ambulant RehabiliteringsTeam Bente Gunnarshaug

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.