Ny vri- å læra frå unge som ikkje fullfører vidaregåande opplæring

Klepp kommune fekk i 2015 tildelt kr 500.000 til prosjektet «Ny vri- å læra frå unge som ikkje fullfører vidaregåande opplæring». Gjennom intervjuing og andre tiltak skulle ein utvikla kunnskaps-basert praksis på feltet. Prosjektet blei avslutta i 2017. 

Kommunen skriv mellom anna:

«Bakgrunnen for søknaden var at Klepp hadde høge fråfallstal i vidaregåande opplæring, og ønskte å finna ut meir om kvifor så mange unge ikkje fullfører vidaregåande opplæring innan normaltid.

 

Målet med prosjektet var å få tak i dei unge sine erfaringar og opplevingar frå grunnskulealder, og i neste omgang nytta denne kunnskapen til å utvikla gode oppvekst- og velferdstenester. Basert på direkte innspel frå dei unge, ønskte vi å driva internt endringsarbeid i organisasjonen.

 

Måloppnåing

Prosjektet har høg måloppnåing. Vi har fått synspunkt og innspel frå dei unge sjølv som nå blir brukt aktivt i arbeidet med redusera fråfall i vidaregåande opplæring. Prosjektet har og gitt nyttig kunnskap i vidare forstand til å utvikla gode oppvekst- og velferdstenester. Det er og verd å poengtera at prosjektet har vakt stor interesse både internt og eksternt, og at oppfølging etter prosjektet er målretta og solid. Ei rekke oppfølgingsaktivitetar er sett i verk.»