Endring av løyve etter forureiningslova til Franzefoss Gjenvinning AS på Forus


Høringsfrist 16. september 2019 00:00

Franzefoss Gjenvinning AS avd. Forus har søkt Fylkesmannen om endring av løyve til mottak og mellomlagring av avfall. Søknaden gjeld mellom anna å auka samtidig lagra mengde avfall på anlegget frå 160 tonn til 400 tonn.

Endringa gjeld auke i samtidig lagra mengde avfall på anlegget frå 160 tonn til 400 tonn. Vidare er det og søkt om å lagra:

  • hardplast og/eller folieplast med finmaska nett på uteområde, og over helg
  • store el-motorar på uteområde utan lokk
  • glas- og metallavfall utan lokk, alternativt med finmaska nett
  • auka mottak og lagring av europallar til ca. 600 stk.

Søknaden og utkast til endra løyve er lagt ut til offentleg ettersyn i dokumentlenkene til denne nettsaka. Merknader kan sendast til Fylkesmannen i Rogaland, Postboks 59, 4009 Stavanger, eller til fmropost@fylkesmannen.no innan 4 veker frå kunngjeringstidspunktet.