Endringar i tilrådingane for besøk i helse- og omsorgsinstitusjonar

Bebuarar i kommunale sjukeheimar og andre helse- og omsorgsinstitusjonar skal i utgangspunktet fritt kunne ta imot besøk.

Helsedirektoratet har gjort endringar i rettleiaren for besøk i helse- og omsorgsinstitusjonar og tiltak mot sosial isolering, kapittel 9 i «koronarettleiaren».

Tilrådingane i rettleiaren kan du lese her.

 

Endringane er som følgjer:

  • All tekst i rettleiaren som handlar om institusjonens vurdering av om dei har kapasitet og ressursar til å gjennomføre besøk, er fjerna. Det var meint som eit nødvendig vurderingskriterium ved ein smittetopp der kapasiteten i helsetenesta er sprengd. Helsedirektoratet har fått signal om at mangel på ressursar og personell kan ha blitt brukt som argument for å nekte besøk også ved låge smittetal, noko som er svært uheldig.

 

  • Det er tydeleggjort at bebuarar i kommunale sjukeheimar og andre helse- og omsorgsinstitusjonar i utgangspunktet fritt skal kunne ta imot besøk i tråd med lovverkets krav. Ved lokale smitteutbrot kan det vere nødvendig å avgrense besøkt for bebuargrupper som kan ha auka risiko for alvorlege sjukdomsforløp ved covid-19. Avgrensing av besøk må i så tilfelle vere grunngjeve i forsvarlegheitskravet eller krav i smittevernlova.

 

  • Vurderingskriteriet knytt til smittesituasjon i område der den besøkande nyleg har opphalde seg, er i tråd med nye anbefalingar frå Folkehelseinstituttet, og er endra til: Pårørande eller andre som siste 10 dagar har vore på reise til eller opphalde seg i land utanfor Norge, bør ikkje komme på besøk før 10 dagar etter heimkomst.

 

  • Anbefalingane om dagtilbod er oppdatert, slik at dei speglar situasjonen slik den er i dag, og ved lokale smitteutbrot.

 

Fylkesmannen oppmodar kommunane om å følgje tilrådingane om besøksordning i helse- og omsorgsinstitusjonar, og vi har sendt ut eit brev om dette til alle kommunar i Rogaland. Brevet ligg under «Dokument» i denne saka.