Smittevern

Godt smittevern er ein føresetnad for å avgrense utbrot og spreiing av smittsame sjukdommar i helsetenesta og samfunnet. Godt smittevern er også avgjerande for å handtere utfordringa med antibiotikaresistens.

Regjeringa har lansert ein handlingsplan for eit betre smittevern. Handlingsplanen skal redusere helsetenesteassosierte infeksjonar og gi betre organisering og struktur av smittevernet i Norge.

Antibiotikaresistens

Antibiotikaresistens er eit veksande problem i verda og er eit alvorleg trugsmål mot global helse. Vi risikerer ei framtid utan effektive antibiotika, der infeksjonar som i dag blir rekna som ufarlege, igjen kan bli eit stort helseproblem og ein hyppig dødsårsak.

Smittevern og infeksjonsførebygging bidrar til å hindre antibiotikaresistens. Høg vaksinasjonsdekning, både i befolkninga generelt og spesielt blant helsepersonell, er eit viktig tiltak.

Fylkesmannens oppgåver

Fylkesmannen deltek i arbeidet med å setje i verk smitteverntiltak, og følgjer opp bruken av antibiotika. Fylkesmannen skal dessutan bidra aktivt for å auke talet på personar som vaksinerer seg mot sesonginfluensa, særleg blant tilsette i helsetenesta. Fylkesmannen arrangerer kvart år smittevernkonferansar for kommunale leiarar og anna personell i den kommunale helse- og omsorgstenesta.

Vis mer