Pimp maten til dei eldre

Mange eldre får ikkje i seg nok og riktig mat. Matgledekorpset skal gi gode råd om korleis eldre med enkle grep kan få i seg meir energi- og proteinrik mat.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 16.09.2020

Hå, Time, Klepp og Bjerkreim har hatt besøk av Matgledekorpset som har lagt fram planane for korleis ein kan arbeide for å redusere underernæring blant eldre heimebuande. Matgledekorpset skal på nyåret arrangere 12 inspirasjonssamlingar i bygd og by i dei fire kommunane.

Prosjektleiar og kokk Heidi Netland Berge og klinisk ernæringsfysiolog Nicole T. Næsheim kokk skal nå i haust utforme innhaldet i inspirasjonssamlingane. I tillegg til desse to er Bjørg Odland og Eli Munkeby Serigstad med i Matgledekorpset i Rogaland.

Gode måltidsopplevingar

Finn fram fintallerkenen, fint bestikk, serviett, stettglas og legg duk på bordet. Da har du laga ei fin ramme rundt måltidet. Og gjer det i kvardagen! Ikkje vent til søndagen eller festdagen.

  • Kort og godt handlar det om å pimpe maten, seier Heidi Netland Berge.

Maten kan du gjerne pimpe med noko ekstra godt som gjere den meir næringsrik og meir appetittvekkande. På den gode, næringsrike havregrauten: så enkelt som hakka mandlar og friske bringebær gjer den grå grauten til ein fest!

For lite kunnskap om underernæring

Heile 30 % av eldre som mottek heimesjukepleie eller bur på sjukeheim, er underernærte i følgje fleire studiar. Fysiske faktorar som munnhelse, tyggefunksjon, smakssans og svoltkjensle har betydning for matinntak og appetitt. Undersøkingar viser at det er lite kunnskap om samanhengen mellom smaksoppleving og matinntak i samband med aldring, særleg i den eldste aldersgruppa.

Eitt lårhalsbrot til kr 500 000

Underernæring fører til tap av muskulatur og kraft, dårlegare balanse, forverra mental funksjon, auka risiko for sjukdom og komplikasjonar, fleire og lengre sjukehusinnleggingar, redusert livskvalitet og auka kostnader.

Sjukepleiar Bjørg Odland jobbar med kvalitetsreforma Leve heile livet hos Fylkesmannen. Ho er oppteken av alle innsatsområda i reforma, som er 1) Eit aldersvenleg samfunn 2) Aktivitet og fellesskap 3) Mat og måltid 4) Helsehjelp 5) Samanheng i tenestene. Alt heng saman, og det eine kan føre til det andre. Underernæring kan føre til tap av muskulatur. Mindre musklar og mindre fysisk aktivitet kan til dømes føre til at ein fell og får brot i lårhals. Helsedirektoratet er oppteken av fallførebygging og skriv på sidene sine at eit lårhalsbrot kostar kr 500 000 i behandling berre det første året.

Dersom eldre ein periode et lite og får vekttap, kan det vere vanskeleg å auke vekta igjen. Førebygging av underernæring er derfor lettare enn å behandle ein som alt har vorte undernært.

Kva er nok og riktig mat?

Medlemmane i Matgledekorpset er skjønt einige om at mange eldre får i seg for lite næring, og da er det først og fremst viktig å få i seg nok protein. Kva skal dei eldre ete for å få i seg nok og riktig mat?

Det skal Matgledekorpset vise dei!

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.