Pasientar får meir medhald i klager på vedtak om tvangsmedisinering i psykiatrien etter lovendring

Prosentvis fordeling av utfall
Prosentvis fordeling av utfall

Frå 1. september 2017 blei reglane om tvang endra. Formålet er mindre og riktig bruk av tvang. Pasientar med alvorlege sinnslidingar, som sjølv kan ta stilling til helsehjelpa, kan no nekte helsehjelp dersom dette ikkje fører med seg nærliggande alvorleg fare for eige liv eller for livet eller helsa til andre.

Fylkesmennene er klageinstans på spesialisthelsetenesta sine vedtak om tvangsmedisinering i psykiatrien.

 

Fylkesmannen i Rogaland har behandla fleire klager på vedtak om tvangsmedisinering sidan lovendringa 1. september 2017, og vi opphevar og gjer om spesialisthelsetenesta sine vedtak i større grad enn før denne lovendringa. Dei nye reglane stiller ikkje berre krav til at spesialisthelsetenesta skal uttale seg om pasienten sin evne til å ta stilling til helsehjelpa (samtykkekompetanse). Det er òg krav til betre grunngjeving for medikamentbruken. Frå 1. juli 2017 blei det innført rett til fritt rettsråd for pasientar som får vedtak om behandling utan eige samtykke.

Frå 1. september 2016 til og med 31. august 2017 behandla vi 64 klager på vedtak om tvangsmedisinering. Utfall av klagebehandlinga var at vi stadfesta 43 vedtak (67 %), oppheva 17 vedtak (26%) og endra heilt eller delvis 4 vedtak (6%).

Frå 1. september 2017 til og med 31. august 2018 behandla vi 77 klager på vedtak om tvangsmedisinering. Utfall av klagebehandlinga etter lovendringa var at vi stadfesta 39 vedtak (51 %), oppheva 27 vedtak (35 %) og endra heilt eller delvis 11 vedtak (14 %).

Tala viser kor mange som har klaga til Fylkesmannen. Vi har ikkje oversikt over kor mange tvangsvedtak som ikkje blir klaga på.

At eit vedtak blir oppheva betyr at det konkrete vedtaket om tvangsmedisinering ikkje kan brukast i behandlinga av pasienten. Grunnen til auken i prosenten av vedtak som blir oppheva, er i hovudsak at Fylkesmannen meiner at spesialisthelsetenesta ikkje har dokumentert at pasienten åpenbart manglar samtykkekompetanse for helsehjelpa.

Majoriteten av endringane vi gjer i spesialisthelsetenesta sine vedtak er at vi reduserer den lengste varigheita på vedtaka.