Med mål om likeverdig tilbod – pakkeforløp for psykisk helse og rus

Pakkeforløp er standardiserte pasientforløp. Helsedirektoratet har no lansert tre pakkeforløp innan rus og psykiatri. Målet med pakkeforløpa er å sørge for at pasientane får behandlingsforløp med betre samhandling, klare ansvarsforhold og gode overgangar mellom ulike tenester.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 25.09.2018

Dei tre første forløpa som blir lanserte er generelle og seinare i haust kjem Helsedirektoratet med tre pakkeforløp for meir spesifikke tilstandar.

Omsorg for heilheitleg helsetilstand

Forløpa som er lanserte er utgreiing og behandling for barn og unge, utgreiing og behandling for vaksne og tverrfagleg spesialisert behandling. Forløpa legg vekt på større grad av brukarmedverknad og samarbeid med pårørande i utgreiing og behandling innanfor området rus og psykiatri. Områda er slått saman då dei ofte er knytt til kvarandre og pasientane har ofte kroppslege plager i tillegg. Omsorg for den heilheitlege helsetilstanden til desse pasientane er difor vektlagt. Både representantar frå brukar- og pårørandeorganisasjonar og fagansvarlege har bidrege i utarbeidinga av forløpa.

Likeverdig behandling uavhengig av bustad

Per i dag er helsehjelpa til denne pasientgruppa svært variabel. Det er store skilnader både i kva slags tilbod desse pasientane får og i kor lange ventetidene er. Pakkeforløpa har som føremål å styrke det samla behandlingstilbodet då dette skal være likeverdig uansett kor ein bur i landet.

Innføring frå nyåret

Dei regionale helseføretaka gjennomfører i oktober konferansar med sentrale aktørar som eit ledd i innføringa. I Rogaland skal denne konferansa vere den 16. oktober på Folkets hus i Stavanger og invitasjonen ligg under «Dokument» i denne saka.

Pasientar kan tilvisast til dei nye pakkeforløpa frå 1. januar 2019. Dei neste forløpa som vil bli sette i verk er meir spesifikke og retta mot pasientar med psykose, tvangslidingar og spiseforstyrringar. Helsedirektoratet vil seinare også lansere eit pakkeforløp for gravide som nyttar eller har nytta rus eller vanedannande legemiddel.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.