Meir sjølvråderett og rettstryggleik for pasientane

Frå 1. september 2017 er det nye reglar for psykisk helsevern. Den mest inngripande endringa er at pasientane sin samtykkekompetanse må vurderast ved innlegging på psykiatriske institusjonar.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 01.09.2017

Endringane inneber mellom anna at psykisk sjuke som ikkje er til fare for andres liv eller helse, og ikkje er til fare for sitt eige liv, ikkje lenger kan bli innlagde eller behandla mot sin vilje dersom dei har samtykkekompetanse.

Kva er samtykkekompetanse?

Samtykkekompetanse er eit juridisk omgrep som betyr å forstå kva ei avgjerd vil føra til. Å ha samtykkekompetanse for helsehjelp, som til dømes innlegging eller behandling, vil seia at pasienten i nokon grad kan:

  • forstå informasjon som er relevant for den aktuelle helsehjelpa
  • anerkjenne informasjonen i sin eigen situasjon, spesielt knytt til moglege konsekvensar av å nekte helsehjelp
  • resonnere med relevant informasjon i ei avveging av dei ulike alternativa
  • uttrykke eit val

For å ha samtykkekompetanse er det nok at pasienten har ei såkalla alminneleg forståing av helsehjelpa. Pasienten treng ikkje å forstå alle dei faglege grunnane for å gi helsehjelp eller alle konsekvensane av å nekta helsehjelpa.

Det først er når det er heva over ein kvar tvil at pasienten ikkje forstår kva det inneber å seia ja eller nei til helsehjelpa, at ein kan seia at pasienten ikkje har samtykkekompetanse.

Andre endringar

Pasienten får nå ein tydelegare rett til å uttala seg før det blir fatta vedtak om skjerming og tvangstiltak. Det er innført eit nytt krav om evalueringssamtale med pasienten etter skjerming og tvangstiltak.

Helsedirektoratet har gitt ut eit nytt rundskriv som gir grundige fortolkingar av alle dei endringane som er gjort i regelverket. Rundskrivet ligg på Helsedirektoratet si heimeside. Der finn du også lenkjer til informasjonsmateriell, presentasjonar og video frå informasjonsmøtet om endringane.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.