Rettstryggleik ved tvungen legeundersøking i kommunen

Fylkesmannen har i fleire tilsynssaker og i klagebehandling sett at vedtak om tvungen legeundersøking ikkje er blitt fatta slik det er krav om i lova. Ingen skal bli tvinga til legeundersøking utan vedtak (melding om lovleg avgjerd frå rette myndigheit). Her finner du ei rettleiing om slike vedtak.

Legeundersøking med tanke på innlegging

Dersom nokon (til dømes pårørande, politiet eller andre) er bekymra for at ein person lider av alvorleg sinnssjukdom (til dømes psykose) og meiner han treng å bli innlagt mot sin vilje for å få behandling eller vern mot skade, bør dei sørgje for at personen kjem seg til lege i kommunehelsetenesta for å bli undersøkt. Legen kan finne ut om personen skal bli tvangsinnlagt på sjukehuset. Dersom personen ikkje gir samtykke til å bli undersøkt av lege med tanke på innlegging, kan kommuneoverlegen (eller helsesjefen) i den kommunen personen oppheld seg i bli kontakta. Kommuneoverlegen skal då vurdere om han skal fatte eit vedtak om tvungen legeundersøking. Eit slik vedtak kan danne grunnlag for at personen kan bli henta og undersøkt med tvang, om naudsynt med bistand frå politi.

 

Lovkrav

Psykisk helsevernlova § 3-1 setter to vilkår som må vere oppfylte:

  1. Det må vere naudsynt å få klarlagt om personen treng å bli tvangsinnlagt.
  2. Personen må unndrege seg (nekta eller ikkje gitt samtykkje til) å bli undersøkt.

 

Pasienten har rett til å bli hørt når kommuneoverlegen vurderer om tvungen legeundersøking kan bli brukt. Dette betyr at kommuneoverlegen må ta kontakt med personen før ei avgjerd blir tatt. Avgjerda er eit enkeltvedtak som skal vere skriftlig. Forvaltningslova setter ei rekke krav til slike vedtak. Nokre av desse krava er særs viktige at blir følgt for at personen skal få den rettstryggleik han treng i ein slik situasjon.

 

Krav til innhald i skriftlig vedtak

Vedtaket skal som minimum innehalde desse opplysningane:

  • Kven som har tatt initiativ til kommuneoverlegen sitt vedtak
  • Oppsummering av lovgrunnlaget for vedtaket
  • Personen sitt syn på saka
  • Grunngjeving for vedtaket som viser at dei to vilkåra er oppfylte
  • Konklusjon som viser korleis vedtaket skal bli satt i verk
  • Opplysningar om klageretten til Fylkesmannen
  • Opplysning om at ein klage ikkje automatisk kan hindre at vedtaket blir sett i verk

 

Munnlege vedtak

Noen situasjonar har eit slikt preg av hast at saksbehandlingsreglane kan virke tungvinte. Kommuneoverlegen kan då ta ei munnleg avgjerd, og skrive vedtaket ned neste dag. Det blir i ein slik situasjon viktig at den legen som gjennomfører legeundersøkinga gir munnleg informasjon om vedtaket: kven som er ansvarleg for vedtaket, kva formålet er med vedtaket og opplysning om klageretten. Legen må informere om at eit skriftlig vedtak med nærare grunngjeving vil ligge føre neste dag. Kommuneoverlegen må sørgje for at personen får det skriftlige vedtaket.

 

Klageretten

Personen har rett til å klage på vedtaket. Klagen skal rettes til den kommuneoverlegen som har fatta vedtaket. Klagen kan og bli retta munnleg til den legen som gjennomfører legeundersøkinga. Legen skriver ned klagen og sender den til kommuneoverlegen. Kommuneoverlegen tar stilling til klagen og kan oppheve eller stadfeste sitt eige vedtak. Dersom han stadfestar det, må han ta stillig til om klagen skal få oppsettande effekt. Det er nemlig slik at ein klage ikkje automatisk kan hindre at vedtaket blir sett i verk. Dersom vedtaket blir stadfesta, må saka bli sendt vidare til Fylkesmannen som i løpet av kort tid kan avgjerde saka.

 

Teieplikt

Undersøkande lege skal ikkje sende med kommuneoverlegen sitt vedtak saman med innleggingspapira til sjukehuset dersom personen blir innlagd. Grunnen til dette er at sjukehuset er ikkje part i saka og vedtaket er underlagt teieplikt etter forvaltningslova.

 

Forsvarlig helsehjelp

Det vil ikkje vere forsvarlig dersom legen undersøkjer ein person som ikkje har gitt eit informert samtykke utan at det først ligg føre eit vedtak om tvungen legeundersøking. I vårt tilsynsarbeid har vi til dømes sett at politiet etter ei politifagleg vurdering med tvang tok med seg ein person til legevakta. Det blei ikkje vist at pasienten samtykka i å bli undersøkt for å finne ut om han skulle bli tvangsinnlagt. Kommunelegen blei ikkje kontakta for å vurdere om vedtak om tvungen legeundersøking skulle bli fatta. Dette var ikkje i samsvar med regelverket.

 

I ei anna sak ringte pårørande til legevakta fordi ein person hadde vore lenge psykisk sjuk og nekta å gå til lege. Legen fikk med seg politiet og trengte seg inn i personen sin bustad. Då personen stakk av frå staden, blei han henta tilbake og undersøkt av legen og sidan innlagt med tvang. Det var ikkje gjort vedtak på førehand. Dette var heller ikkje forsvarlig.

 

Delegering

Kommuneoverlegen kan delegere si vedtaksmyndigheit til legar og psykologar som er tilsett i eller har avtale med kommunen. Delegeringa skal vere personlig og skriftlig.

 

Den som gjer vedtak skal ikkje undersøkje personen personlig og bør ikkje sjølv vere den som set vedtaket i verk.