Søknad om å bli med i kontrollkommisjonane for psykisk helsevern

Du må levere ein søknad for å bli oppnemnd til ein kontrollkommisjon. Her finn du opplysningar om kva Fylkesmannen treng.

Søknaden skal ha følgjande innhald:

  • kvifor du ønskjer å bli med i kontrollkommisjonane
  • eventuelt ønskje om kva for kommisjonar som er mest aktuelle for deg
  • opplysning om andre aktuelle engasjement og tilsettingar (for habilitetsvurdering)
  • CV eller ei liknande oppstilling av utdanning og praktisk erfaring
  • namn på to personar Fylkesmannen kan kontakte (referansar)

Søknaden sender du til Fylkesmannen i Rogaland (kontaktinformasjon). Fylkesmannen vil kalle inn alle aktuelle kandidatar til ein samtale (intervju).

Etter dette vil Fylkesmannen setje opp ei liste. Fylkesmannen oppnemner fortløpande medlemmer og varamedlemmer frå denne lista etter kvart som det blir ledige plassar i kommisjonane.

Habilitet

Frå «Rundskriv for fylkesmennene vedrørende oppnevning av medlemmer til kontrollkommisjonene i det psykiske helsevernet» IS-5/2014:

«Etter psykisk helsevernloven § 6-2 tredje ledd kan ingen oppnevnes som medlem av en kontrollkommisjon som skal føre kontroll med en del av det psykiske helsevern som vedkommende har ansvar for i sin vanlige stilling. Medlemmet bør heller ikke være ansatt i det psykiske helsevernet for øvrig.»

Godtgjering

Lenkje til informasjon om godtgjering ligg i høgremenyen.