Kontrollkommisjonane i Rogaland

I Rogaland har vi 4 kontrollkommisjonar i det psykiske helsevernet

Kontrollkommisjonen for psykisk helsevern i Rogaland 1

Ansvar for:

  • Stavanger Universitetssjukehus, Våland, post A2, B1, B3, C1, AMC2
  • Ryfylke DPS (Randaberg), Helse Stavanger HF
  • Stavanger DPS, Helse Stavanger HF

Kontrollkommisjonen for psykisk helsevern i Rogaland 2

Ansvar for:

  • Stavanger Universitetssjukehus, Våland, Post A1, B2, E2, A3
  • Barne- og ungdomspsykiatrisk avdeling (BUPA), Helse Stavanger HF
  • Gauselskogen (ikke godkjent for tvang), Helse Stavanger HF
  • Sandnes DPS (Varatun), Helse Stavanger HF

Kontrollkommisjonen for psykisk helsevern i Rogaland Sør

Ansvar for:

  • N.K.S. Jæren distriktspsykiatriske senter AS (Bryne)
  • Sola DPS, Helse Stavanger HF
  • Dalane DPS (Egersund), Helse Stavanger HF
  • Seksjon Engelsvoll (Klepp), Helse Stavanger HF

Kontrollkommisjonen for psykisk helsevern i Rogaland Nord

Ansvar for psykiatriske institusjoner nord for Boknafjorden:

  • Haugesund sjukehus, Klinikk for psykisk helsevern Vaksenpsyk. poster 1,2 og 3, Barnepsykiatri (BPP), Ungdomspsykiatri (UPP)
  • Haugaland DPS (Haugesund), Helse Fonna HF
  • Karmøy DPS (Kopervik), Helse Fonna HF

Medlemmer i kvar kommisjon:

Leiar               Jurist som er kvalifisert til å gjere teneste som dommar. Over 25 år.  

Lege                Lege med spesialitet i allmennmedisin. Helst lang praksis som lege.

Medlem 1       Må ha vore pasient under psykisk helsevern, pårørande til pasient, eller ha pasientinteresser i stilling eller verv.              

Medlem 2       Ikkje særskilte krav, men kan ha helse- eller sosialfagleg bakgrunn.

Varamedlem   Same krav som medlem 2.

Medlemmene vert oppnemnt for 4 år, og kan re-oppnemnast ein gong.

Kommisjonane vert oppnemnt i januar kvart år. Det hender også at me må oppnemne nye medlem  i løpet av perioden.

Fylkesmannen skal sikre at rekruttering og oppnemning skjer gjennom ein open og forsvarleg prosess, så dei best kvalifiserte og eigna personane vert oppnemnt. Me vil alltid ha behov for nye medlem i kommisjonane.

Dersom dette høyrest aktuelt ut og du har interesse for dette feltet,  så ta gjerne kontakt med oss.

Vi ønskjer at du sender oss litt informason om deg sjølv saman med relevant erfaring, kvalifikasjonar saman med ein referanse.