Godtgjering for medlemmene i kontrollkommisjonane

Medlemmene i kontrollkommisjonane skal sende krav om godtgjering 4 gonger i året (kvartalsvis).

Honorar

Fylkesmannen betaler honorar til medlemmene i kontrollkommisjonane i samsvar med «forskrift om godtgjøring m.m til kontrollkommisjonene». Arbeidet til medlemmene blir godtgjort etter differensierte timesatsar som reknast i prosent av den offentlige salærsats for advokatar (kr. 1040,- per time frå 1. januar 2019).

  • Jurist i dommerembete eller anna lønna stilling 75 %
  • Advokat som er sjølvstendig næringsdrivande 100 %
  • Lege i lønna stilling 75 %
  • Lege som er sjølvstendig næringsdrivande 100 %
  • Andre medlemmer 37,5 %
  • Andre medlemmer som er sjølvstendig næringsdrivande 50 %
  • Sekretærhjelp 25 %

Arbeids- og velferdsdirektoratet seier "Som selvstendig næringsdrivende anses en innehaver av et ansvarlig enmannsforetak og et ansvarlig medlem av et selskap med solidarisk ansvar, et kommandittselskap eller et stille selskap"

Vi treng medlemen sitt organisasjonsnummer for å utbetale timesatsen for sjølvstendig næringsdrivande.

Timetalet blir rekna ut frå reisetid + møtetid. Tidsbruk må dokumenterast i samsvar med salærforskrifta. Det blir ikkje rekna feriepengar av beløpet. Lenkje til salærforskrifta ligg i høgremenyen.

Fylkesmannen kan etter eige skjønn betale faktura frå kontorleiar i verksemder som har hatt merkantile utgifter knytt til drift av kontrollkommisjon og andre særskilte utgifter.

Reisegodtgjering

Medlemmane får reisegodtgjering etter statens sitt regulativ. Lenkje til satsar ligg i høgremenyen.

Sjølvbeteningsportal

Medlemmane skal nytte ein sjølvbeteningsportal for å motta honorar og reisegodtgjering.  Fylkesmannen vil sørge for at kvart medlem blir registrert som brukar i portalen. Lenkje til informasjonsside om portalen ligg i høgremenyen.