Kan du tenke deg å bli medlem i kontrollkommisjonen for psykisk helsevern i Rogaland?

Fylkesmannen er statens fremste representant i fylket og skal arbeide for at Stortinget og Regjeringa sine vedtak, mål og retningsliner blir følgde opp i Rogaland. Fylkesmannen har som oppgåve å nemne opp medlemmar til Kontrollkommisjonen for psykisk helsevern.

Fylkesmannen i Rogaland søkjer:

Medlemmar i Kontrollkommisjonen

Vi søkjer personar for oppnemning til Kontrollkommisjonen for psykisk helsevern i Sør-Rogaland. Det er tre kontrollkommisjonar her. Kommisjonane har tilsyn med følgjande psykiatriske institusjonar:

  • KK1

-Stavanger Universitetssjukehus, Våland, post A2, B1, B3, C1, AMC2

-Ryfylke DPS (Randaberg), Helse Stavanger HF

-Stavanger DPS, Helse Stavanger HF

 

  • KK2

-Stavanger Universitetssjukehus, Våland, Post A1, B2, E2, A3

-Barne- og ungdomspsykiatrisk avdeling (BUPA), Helse Stavanger HF

-Gauselskogen (ikke godkjent for tvang), Helse Stavanger HF

-Sandnes DPS (Varatun), Helse Stavanger HF

 

  • KKSør

-N.K.S. Jæren distriktspsykiatriske senter AS (Bryne)

-Sola DPS, Helse Stavanger HF

-Dalane DPS (Egersund), Helse Stavanger HF

-Seksjon Engelsvoll (Klepp), Helse Stavanger HF

 

Hovudoppgåva til kontrollkommisjonen er å sikre rettstryggleiken til pasientane i møtet med det psykiske helsevernet. Kommisjonen fører kontroll med tvangsvedtak, informerer pasientane om klagerett og fører velferdskontroll. Kommisjonen har fast møte kvar veke eller kvar 14. dag avhengig av kommisjon. Heile arbeidsdagen går med.

Du må ha interesse for psykisk helsearbeid eller psykisk helsevern og for tida ikkje arbeide i det psykiske helsevernet. Vi treng både medlem med legekompetanse, vanleg medlem og medlem med pasient/brukar/pårørande erfaring. Informasjon om korleis du sender søknad, godtgjering m.v. finn du på nettsida vår: https://www.fylkesmannen.no/Rogaland/

Søknad sendes postmottaket til Fylkesmannen: fmropost@fylkesmannen.no

Søknadsfrist: 24. juni 2018

Nærare opplyningar kan du få ass. direktør Rigmor Kvia de Waard, tlf. 51 56 87 94, mobil 922 90 084 eller Frøydis Hogstad, tlf 51568771