Moglegheit for å sende sikker melding til Nav om sosiale tenester frå 2.april

Det finst chatløsning og chatbot, men dette er tenester kor Nav berre svarer på generelle spørsmål. Brukarar av sosiale tenester får no moglegheit til å kome i kontakt med NAV via dialogalternativet «Skriv til oss». 

Personar med behov for sosiale tenester har i dag ingen digitale dialogløysingar for å kome i kontakt med NAV. Dei fleste NAV-kontora har avgrensa fysisk tilgjengelegheit, og ei digital dialogløysing er nødvendig for at brukarane skal kunne kome i kontakt med NAV om eiga sak. Dette gjeld for eksempel brukarar som har behov for hjelp i ein akutt situasjon, som har sendt søknad og ventar på svar o.l.

Brukarar av sosiale tenester får no moglegheit til å kome i kontakt med NAV via dialogalternativet «Skriv til oss». Tenesta finn brukarane ved å logge seg inn på nav.no.

Denne digitale dialogkanalen erstattar ikkje moglegheita for spørsmål per telefon og chat, eller moglegheit for personleg oppmøte på NAV-kontor, men er eit supplement til gjeldande kanalar.

I fyrste omgang er intensjonen å gjere løysinga tilgjengeleg i ein avgrensa periode fram til 30. juni 2020.