Spennande pilotprosjekt- styrking av menneskerettane til personar med nedsett funksjonsevne

I Noreg er vi så heldige at alle får utdanning, men alle deltek ikkje på samme måte. Bufdir vil no starte eit samarbeid med norske kommunar for mellom anna å sikre barn og unge med nedsett funksjonsevne like rettar og like moglegheiter. I dette arbeidet skal Fylkesmannen i Rogaland få vere med og bidra

FN-konvensjonen om mennesker med nedsatt funksjonsevne sine rettar (ofte avkorta til CRPD konvensjonen) skal sikre personar med nedsett funksjnsevne lik tilgong til menneskerettar. Noreg ratifiserte konvensjonen i 2013 og pliktar å følgje den.

Fylkesmannen i Rogaland har saman med Fylkesmennene i Trøndelag, Oslo og Viken og Troms- og Finnmark, fått i oppdrag av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) å setje fokus på kommunane si gjennomføring av CRPD konvensjonen. Det er eit pilotprosjekt som skal strekke seg over fleire år og utvalde kommunar er inviterte med inn i arbeidet. I september vert det avklart kva kommunar frå Rogaland som deltek.

Målet med prosjektet er at Fylkesmannsembetene skal bli godt rusta til å rettleie kommunane ved å gje god opplæring og støtte i korleis den enkelte kommune kan nytte konvensjonen i sitt daglege virke. Dei første satsningsområdene for år 2020 og år 2021 er konvensjonens artikkel 19 om retten til eit sjølstendig liv og til å vere ein en del av samfunnet, og artikkel 24 om retten til utdanning.

Fylkesmannen si rolle i prosjektarbeidet er forankra i tiltak nr. 71 i handlingsplanen «et samfunn for alle – Likestilling, demokrati og menneskerettigheter – Regjeringens handlingsplan for likestilling av personer med funksjonsnedsettelse 2020-2025». I handlingsplanen tar regjeringa til orde for eit samfunn der alle menneske skal ha samme høve til å ta utdanning, delta i arbeidslivet på like vilkår og få gode helsetenester og styre eiga fritid. Det handlar om å være medborgar i eit demokrati.

Organisering av prosjektet

Kulturdepartementet har det overordna ansvaret for prosjektet. Koordinator for prosjektet er Bufdir ved avdeling for likestilling og ikke-diskriminering. Bufdir koordinerer arbeidet med å utarbeide opplæringsmateriell til bruk ute i kommunane. Fylkesmannen har ansvaret for arbeidet direkte ut mot kommunane.

Hos oss er prosjektet plassert i Samfunnsavdelinga under avdelingsdirektør Monica Nessa.  Seniorrådgjevar Benedikte Dalland Hansen er kontaktperson utad. Oppdraget involverer fleire avdelingar ved embetet og me har sett ned ei tverrfagleg gruppe som deltek i arbeidet. Vår plankoordinator og seniorrådgjevar, Ine Woldstad, er med i prosjektet. Det same er rådgjevar Astrid Løvås Pundsnes frå utdanningsavdelinga, og assisterande direktør for helse- sosial og barnevernsavdelinga, Rigmor Kvia De Waad.

Ta gjerne kontakt ved spørsmål eller innspel.

Kontaktpersoner