Tilbodet til innbyggjarane i Rogaland

Kartleggjing viser at alle kommunane har tilbod til innbyggjarane når det gjeld krisesenter. Fylkesmannen fikk i 2010 i oppdrag å føre tilsyn med at kommunane oppfyller pliktene som dei er pålagde etter krisesenterlova. 

I Nordfylket danna til saman 17 kommunar i 2010 Krisesenter Vest IKS.  Dette tiltaket har heildøgns krisesentertilbod i Haugesund og på Stord i tillegg til eit korttidstilbod (mottak) i Odda. Tilbod til menn (leilegheit) er i Haugesund. I opplegget inngår eigen barnekoordinator med ansvar for å leggje til rette for barn og mødrene deira.

Krisesenteret i Stavanger dekkjer kommunane i sør. Her er Stavanger vertskommune og har samarbeid/avtalar med 17 andre kommunar. Krisesenteret tilbyr råd og rettleiing, midlertidig bosted når det er naudsamt samt kontakt med andre deler av hjelpeapparatet. Tilbodet omfatter også tilbod til menn. Senteret legg vekt på å gi eit godt tilpassa tilbod til barn og ungdom som oppheld seg på senteret. Tilbodet omfatter oppfølgjing i reetableringsfase og åpen kafé for brukarar av senteret.

Kvitsøy har og tilbod der lege kan bli kontakta samt at det fins ein bakvakttelefon. Kommunen har elles psykososialt team og tverrfagleg team.