Kontakt oss om helsekrav offshore

Mange av dei vanlegaste spørsmåla finn du svar på her på nettsidene våre. Sjå mellom anna desse artiklane:

Helsekrava for arbeid offshore finn du i Forskrift om helsekrav for personer i arbeid på innretninger i petroleumsvirksomheten til havs. Ei meir detaljert skildring av helsekrava finn du i vegleiaren til forskrifta. 

Saksbehandlingstida for søknadar om dispensasjon er vanlegvis 4 til 6 veker. I periodar med stor pågang kan saksbehandlingstida vera lengre enn dette. Dersom søknaden ikkje inneheld alt me treng for å behandle saka vil og saksbehandlingstida bli lengre.
Me har som hovudregel ikkje høve til å prioritere sakar framfor andre. Eventuelle førespurnadar om å få prioritert ei sak koma frå petroleumslegen og vera godt grunngjeven.

 

Me har telefontid mellom klokka 0900 og 1400 på tysdagar og fredagar. Me kan kontaktast på telefonnummer: 51 56 87 00.

Me kan og kontaktast på e-post:

fmropost@fylkesmannen.no

 

Kontaktpersonar:

ass. fylkeslege Andres Neset, e-post: fmroann@fylkesmannen.no

ass. fylkeslege Ellen Renate Hamre Eike, e-post: elrei@fylkesmannen.no

 

Me ber om at personsensitive opplysingar ikkje blir sendt på e-post, bruk då heller funksjonen «Send sikker melding».