Tuberkulosekontroll i petroleumsverksemda

Det er gjort endringar i Forskrift om tuberkulosekontroll. Endringane trådde i kraft 1. mars 2009. Her følgjer retningslinjer for petroleumsverksemda.

Arbeidstakarar frå utlandet
Arbeidstakarar som kommer frå land med høg førekomst av tuberkulose, og som skal opphalde seg i Noreg / på kontinentalsokkelen i offshorerotasjon i meir enn tre månader, har plikt til å gjennomgå tuberkuloseundersøking, jf. tuberkulosekontrollforskrifta § 3-1 bokstav a). Lege som foretar helseundersøking etter forskrift om helsekrav for personar i petroleumsverksemda må i disse tilfella sørgje for at nødvendig tuberkuloseundersøking blir gjort før det blir utstedt helseerklæring.
 
Mistanke om tuberkulose
Dersom det er medisinsk mistanke om at en arbeidstakar på kontinentalsokkelen er eller har vore i risiko for å bli smitta med tuberkulose, har arbeidstakaren etter tuberkulosekontrollforskrifta § 3-1 bokstav c) plikt til å gjennomgå tuberkuloseundersøking. Med medisinsk mistanke meiner vi blant anna personar som er eksponert for personar med smitteførande tuberkulose på en slik måte at smitteoverføring kan ha skjedd. Personar med typiske symptom på tuberkulose (hoste i over tre veker, særleg med oppspytt, feber og vekttap) har plikt til snarast å gi beskjed til lege og oppsøke legen for nødvendig undersøking, jf. smittevernlova § 5-1. Arbeidstakar som ikkje har fått en oppdatert undersøking før utreise, sendes i land i tilfelle det er naudsynt. Den legen som er faglig ansvarlig for innretninga (operatørens lege), må sjå til at undersøkinga blir gjennomført. Utgiftene for tuberkuloseundersøkinga som initierast av operatørens lege skal dekkes av operatørselskapet jamfør forskriftas § 4-9.
 
Alle som kommer ut på kontinentalsokkelen har gjennomgått legeundersøking på land. Det er derfor ingen behov for eit eige tuberkulosekontrollprogram på petroleumsinnretningane.
 
For meir detaljar: