Sjøfolk som reiser offshore

Sjøfolk må ha helseerklæring for personar i petroleumsverksemda når dei skal reise offshore, sjølv om dei allereie har helseerklæring for arbeidstakarar på skip.

Publisert 13.01.2012

Fylkesmannen i Rogaland har i den seinare tida fått spørsmål om ein kan bruke sjømannsattest når ein skal reise offshore. Det blir vist til § 20 i Forskrift om helsekrav for personer i arbeid på innretninger i petroleumsvirksomheten til havs: Helseerklæring etter annet regelverk

Den som har gjennomgått helseundersøkelse og fått helseerklæring etter annet regelverk, norsk eller utenlandsk, som stiller minst like strenge helsekrav, anses å oppfylle helsekravene i denne forskrift. Fylkesmannen i Rogaland bestemmer hvilke regelverk dette skal gjelde.

Fylkesmannen i Rogaland har enno ikkje sett at andre ordningar eller regelverk for helsekrav i høg nok grad samsvarer med det som gjeld for petroleumsverksemda. Fylkesmannen i Rogaland vil praktisere den siste setninga i § 20 dersom vi mottar brev med dokumentasjon som viser at eit regelverk stiller minst like strenge krav.

Dette betyr ikkje at sjøfolk som skal offshore må bli undersøkt to gonger. Personen kan bli undersøkt av lege med begge formål, helseerklæring både for skip og petroleumsverksemda, samstundes. Vi gjer merksam på at legen må være petroleumslege for å gi helseerklæring for petroleumsverksemda. For skip gjeld forskrifta frå Sjøfartsdirektoratet (sjå lenke i høgremenyen).

Fylkesmannen gjer merksam på at dersom helsekrava ikkje er oppfylte, er ordningane for dispensasjon frå krava forskjellige for skip og petroleumsverksemda.

Spørsmålet om betalinga har kome opp fleire gonger. Fylkesmannen i Rogaland vil her minne om helsepersonellova § 6 der det er nemnt at helsepersonell ikkje skal påføre pasientar eller andre unødvendig utgift.