Oppgåvedeling ved vurdering av helsekrav

Her finn du ei utgreiing om kva oppgåver operatør, petroleumslege og Fylkesmannen i Rogaland har knytt til helseerklæring for personar i petroleumsverksemda, mellom anna kjent som "helseattest", "offshoreattest" eller "helsesertifikat".

Driftsselskapet
Driftsselskap, operatør og andre verksemder som har ansvar i petroleumsverksemda skal sørgje for at reglane i overnemnte forskrift blir følgde. Verksemda skal kontrollere at arbeidstakaren har gyldig helseerklæring og kan be om supplerande helseopplysningar. Dersom verksemda ikkje godtek risikoen knytt til arbeidstakarens helse, kan verksemda inndra helseerklæringa, slik at den blir ugyldig.

Petroleumslegen
Det er fram til 1.1.2014 ei overgangsordning for legar som ønskjer å skrive helseerklæringar utan godkjenning som petroleumslege. Sjå lenkje nedst i denne artikkelen.

Petroleumslegen har slik kunnskap om arbeidsforholda og risikosituasjonen i petroleumsverksemda som er naudsynt for å ta stilling til om det er forsvarleg å skrive helseerklæring. Legen skal vurdere arbeidstakaren sin helsetilstand, fysisk og psykisk, opp mot forskrifta si målsetjing, dei spesifiserte krava og rettleiinga som er gitt av Helsedirektoratet. Legen treffer på grunnlag av dette avgjerd om helseerklæring kan bli skriven og kor lenge den skal gjelde.

Risikovurdering
Dersom arbeidstakaren har ein tilstand som medfører ein ukjend risiko, skal petroleumslegen sørgje for vidare utgreiing. Risikovurdering er særleg arbeidskrevjande ved diffuse eller uvanlege tilstander. I mange høve skal arbeidstakaren bli vurdert av spesialist. Petroleumslegen kan og be om uttale frå den legen som er fagleg ansvarleg for helsetenesta på den aktuelle innretninga (driftsselskapet sin lege).

Fylkesmannen i Rogaland
Petroleumslegen kan be om rettleiing frå Fylkesmannen i forhold til tolking av regelverket. Fylkesmannens oppgåve er å gi publikum rettleiing i kva forskrifta omfattar og korleis den skal tolkast.

Dispensasjon
Fylkesmannen i Rogaland kan gje dispensasjon frå helsekrava dersom det fins særlege grunner og omsynet til tryggleiken ikkje talar i mot. Dette skal bli praktisert ved at arbeidstakaren vender seg til petroleumslegen eller den legen som skriver helseerklæring i den nemnte overgangsordninga. Legen vil då gjere vidare undersøkingar og sender saka over til Fylkesmannen i Rogaland om dispensasjon. Fylkesmannen trenger opplysningar om arbeidsoppgåver, grunnlaget for at helsekravet ikkje er oppfylt og eventuelle særlege grunner til at dispensasjon bør bli gitt.

Behandling av dispensasjonssøknader
Fylkesmannen vurderer innhaldet i dei innsende dokumenta. Dersom Fylkesmannen finn det sikkerheitsmessig forvarleg å gi dispensasjon, blir det skrive enkeltvedtak i saken. Vedtak om dispensasjon blir sendt til arbeidstakaren med kopi til petroleumslegen. Petroleumslegen kan skrive helseerklæring på grunnlag av dispensasjonen.

Lenkje til FOR 2010-12-20 nr 1780: Forskrift om helsekrav for personer i arbeid på innretninger i petroleumsvirksomheten til havs

Lenkje til overgangsordninga