Verdens tobakksfrie dag

Verdens tobakksfrie dag vert markert kvart år den 31. mai for å rette merksemda mot tobakksrelaterte dødsfall og sjukdommar. Det er Verdens helseorganisasjon (WHO) som står bak markeringa og som fastsett tema for dagen. I 2013 er tema ”Ban tobacco advertising, promotion and sponsorship”, - stopp all marknadsføring av tobakk! WHO er ansvarleg for den globale markeringa.

I Noreg har dagen blitt markert sida 1988 og markerast i år også med fleire lokale arrangement rundt i landet vårt.

Målet i Noreg har dei siste åra vert å sette lokal tobakksførebygging på dagsorden. Tobakksbruk er den enkeltfaktoren det er mogleg å førebyggje og som har størst innverknad på helsa.

Undervisningsprogrammet FRI er eit godt døme på eit viktig førebyggjande tiltak frå  Helsedirektoratet. Dette skal skal førebyggje bruk av snus og tobakk. Målgruppa for programmet er alle ungdomsskuleelevane i Noreg. FRI er eit svært effektiv program med dokumentert effekt. Det er eit mål at alle ungdomskuleelevar i Rogaland skal delta i programmet. I skuleåret 2012/2013 deltok berre 52% av elevane i Rogaland.

Kommunane bør ha meir merksemd retta mot det tobakksførebyggjande arbeidet og syte for at det blir ein prioritert strategi i folkehelsearbeidet som kan fremje helsa til innbyggjarane sine.

Kontaktpersoner