Tildeling av tilskot for 2014

Tilskotsordninga for å styrkje arbeidet mot barnefattigdom skal bidra til å førebyggje og redusere fattigdom og sosial eksklusjon blant barn og unge gjennom å styrkje det sosiale og førebyggjande arbeidet i kommunane. For 2014 har Fylkesmannen i samarbeid med Arbeids –og velferdsdirektoratet tildelt desse tilskota:  

KOMMUNE

TILSKOT

PROSJEKT

Klepp

75 440,-

Iverksetjing og implementering av tiltak frå handlingsplan. Interkommunalt samarbeid med Time kommune.

Time

75 440,-

I samarbeid med Klepp som vist ovanfor.

Karmøy

461 433,-

Arbeid med flyktningar. Mor og barn gruppe og ungdomsgruppe.

Forsand

100 000,-

Auke deltakinga til utsette barn og unge på viktige sosiale arenaer

Tysvær

100 000,-

Ferietiltak for flyktningefamiliar i samarbeid med Kirkens Bymisjon

Sokndal

250 000,-

Midlar til to prosjekt «Lesing gir forsprang» og «Barn i aktivitet

Randaberg

800 000,-

Utarbeide handlingsplan og førebyggande arbeid mot ungdom

Sauda

275 000,-

Utarbeide handlingsplan og auke kompetansen i Nav, kommune, hjå foreldre og frivillige organisasjonar

Stavanger

825 000,-

Tverretatleg førebyggande arbeid til barn i tidleg skulealder

Strand

100 000,-

Aktivitetsutgifter knytt til oppsøkande verksemd ovanfor ungdom.

Kontaktpersoner