Kunngjering av tilskot til bustadsosialt arbeid

Tilskot til bustadsosialt arbeid, kap 0621 post 63, er del av regjeringa sin handlingsplan mot fattigdom. Hovudmålet er å styrkje og utvikle dei ordinære tenestene i kommunane, slik at dei betre kan ta hand om behovet bustadlause og rusmiddelmisbrukarar har for oppfylging i bustad.

Viktige innsatsområde i 2013 er:

  • Å reduserer bruken av mellombels butilbod
  • Å leggja til rette for eit heilskapleg bustadsosialt arbeid lokalt
  • Å koma med tiltak overfor ungdom og yngre vaksne i etableringsfasen

Alle kommunane i landet kan søkje om tilskot.
Søknadsfrist er 1.februar 2013.