Kven kan søke om vigselrett og kven kan utføre vigslar?

Registrerte trossamfunn som har fått godkjent vigselsrituale frå Barne, ungdoms og familiedirektoratet kan utføre vigslar.

Fylkesmannen minner om at det berre er den som Fylkesmannen har godkjent som forstandar for et trossamfunn, med vigselsrett, som har rett til å føreta vigslar. Dersom vigsel blir utført av ein annan enn den som er godkjent som forstandar vil vigselen vere ugyldig. Vidare vil vigselen vere ugyldig dersom ein nyttar eit anna enn det godkjente ritualet. Dette følgjer av ekteskapsloven § 16.

Vigslaren utfører ei offentleg myndighetshandling ved inngåing av ekteskap. Prest/forstandar i registrerte trussamfunn opptrer som statens representant når dei medverkar til inngåing av ekteskap og dei utfører såleis ein ikkje-kyrkjelig funksjon. Men dei opptrer på vegne av trussamfunnet og utøvar ein religiøs funksjon når det gjeld den religiøse sida av vigselsritualet trussamfunnet har.

Fylkesmannen vil gjere merksam på at godkjent forstandar berre har høve til å vie innanfor sitt eige tenestedistrikt, jf lov av 13. juni 1969 nr. 25 om trudomssamfunn og ymist anna § 14. Det vil gå fram av registreringa til Fylkesmannen kva område som er oppgitt å vere tenestedistrikt for det aktuelle trussamfunnet.

Nedanfor ståande link er til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet. Her finn de all informasjon som de treng for å kunne søkje om å få godkjenning av vigselsritual.

http://www.bufdir.no/Ekteskap_og_skilsmisse/Godkjenning_av_vigselsritualer/