Over 500 feirar norsk statsborgarskap

191 nye statsborgarar, i lag med familie og venner, er klare til fest i Stavanger konserthus, Kuppelhallen 4. juni. Heile 53 nasjonar er representerte på den høgtidelege statsborgarseremonien førstkomande laurdag.

I denne årlege seremonien som Fylkesmannen i Rogaland arrangerer, markerer me at nye medlemmer er tekne opp i det norske fellesskapet. Det er frivillig å delta.

Ein festdag

Det blir ei høgtideleg feiring med velkomst- og helsingstalar, musikalske innslag og sosialt samvær i Kuppelhallen i Stavanger. Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa leiar seremonien. Det blir helsingstalar ved både Haugesund-ordførar Arne-Christian Mohn, Hamidullah Amiri, leiar for Sandnes innvandrarråd – og Halwan Ibrahim som er assisterande regiondirektør i IMDi Vest.

Årets hovudtalar er Safia Abdi Haase. Ho kom som flyktning frå Somalia til Norge i 1992. Den gongen var ho åleinemor til tre små jenter, analfabet og sto på bar bakke. I dag er Haase utdanna sjukepleiar og ein av landets leiande ekspertar på kjønnslemlesting – og ein ettertrakta foredragshaldar. I 2014 blei ho heidra med St. Olavs Orden for det mangeårige arbeidet mot vald mot kvinner, eit arbeid der ho alltid har vore open rundt eigne opplevingar med vald og alvorlege overgrep.

19 kommunar representerte

Dei 191 nye, festklare statsborgarane kjem opphavleg frå 53 ulike nasjonar, dei fleste frå Filippinene, Thailand, Eritrea og India. Dei er busette i 19 kommunar i Rogaland. Og dei kjem ikkje åleine til Kuppelhallen. Med venner og familie blir det over 500 festdeltakarar i Kuppelhallen laurdag ettermiddag.

Talet på deltakarar frå dei 19 kommunane

Bokn 1
Eigersund 5
Finnøy 1
Gjesdal 4
Haugesund 9
5
Karmøy 8
Klepp 7
Randaberg 2
Rennesøy 3
Sandnes 34
Sauda 2
Sokndal 1
Sola 10
Stavanger 84
Strand 3
Time 6
Tysvær 4
Vindafjord 1

Festprogrammet finn du i høgremargen.