Ny statsborgarseremoni 4. juni

4. juni 2016 inviterer Fylkesmannen i Rogaland til ny statsborgarseremoni i Bjergsted i Stavanger. I år har me vore så heldige å få Safia Abdi Haase som hovudtalar. 

Safia Abdi Haase kom som flyktning frå Somalia til Norge i 1992. Den gongen var ho åleinemor til tre små jenter, ho var analfabet og sto på bar bakke. I dag er Safia utdanna sjukepleiar og ein av landets leiande ekspertar på kjønnslemlesting.

St. Olavs orden

I 2014 blei ho heidra med St.Olavs Orden for det mangeårige arbeidet mot vald mot kvinner, eit arbeid der ho alltid har vore open rundt eigne opplevingar med vald og alvorlege overgrep. I samband med tildelinga sa ho til Dagbladet:

Jeg er optimistisk til at jenter kommer til å ha et liv uten kjønnslemlestelse, vold, tvangsekteskap, trafficking og misbruk i konflikter og krig. Tenk på kvinnene i Kina som fikk snøret føttene sine, nå er det slutt. Så det er håp.

Statsborgarseremonien

Dei som deltar på årets statsborgarseremoni i Stavanger konserthus, Kuppelhallen, har noko å gleda seg til i møte med Safia. Målet med seremonien er å ønskja velkommen og markera at nye medlemmer blir tekne opp i det norske fellesskapet. Det er frivillig å delta.

Ein festdag

Det blir ein høgtideleg seremoni med velkomst- og helsingstalar, musikalske innslag og sosialt samvær. Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa er sjølvsagt til stades. 

Frå heile fylket

I fjor takka 210 nye statsborgarar frå 55 ulike nasjonar ja til statsborgarseremoni-invitasjonen. Dei var busette i 19 kommunar i Rogaland. Kor mange det blir i år, er foreløpig uvisst.