600 feirar norsk statsborgarskap i Kuppelhallen

Sandnes hadde mange nye statsborgarar under seremonien i 2016.
Sandnes hadde mange nye statsborgarar under seremonien i 2016. (Foto: Ivar Langvik / Fylkesmannen i Rogaland)

227 nye statsborgarar, i lag med familie og venner, er klare til fest i Kuppelhallen laurdag 20. mai. Heile 46 nasjonar er representerte på den høgtidelege statsborgarseremonien.

I denne årlege seremonien som Fylkesmannen i Rogaland arrangerer, markerer me at nye medlemmer er tekne opp i det norske fellesskapet. Det er sjølvsagt frivillig å delta.

Ein festdag

Det blir ei flott feiring med velkomst- og helsingstalar, musikalske innslag og sosialt samvær i Kuppelhallen i Stavanger. Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa leiar seremonien. Det blir helsingstalar ved varaordførar i Stavanger, Bjørg Tysdal Moe og Hamidullah Amiri, leiar for Sandnes innvandrarråd. Årets hovudtalar er fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal.

16 kommunar i Rogaland er representerte i 2017

Dei 227 nye, festklare statsborgarane kjem opphavleg frå 46 ulike nasjonar. Dei er busette i 16 kommunar i Rogaland. Og dei kjem ikkje åleine til Kuppelhallen. Med venner og familie blir det rundt 600 festdeltakarar i Kuppelhallen.

Heile 15 ordførarar/varaordførarar deltar også, i tillegg til fungerande visepolitimeister Leif Ole Topnes

Tid/stad

Laurdag 20. mai 2017 kl. 12.30 i Kuppelhallen, Stavanger. Programstart: kl. 13.00.

Slik fordeler deltakarane seg på dei 16 kommunane

Eigersund 5
Finnøy 1
Gjesdal 4
Haugesund 9
1
Karmøy 6
Klepp 7
Randaberg 7
Rennesøy 2
Sandnes 52
Sauda 4
Sola 9
Stavanger 103
Strand 10
Time 11
Vindafjord 1

 

Du finn festprogrammet som vedlegg til nettsaka.