20. mai 2017 blir det ny statsborgarseremoni

Fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal er årets hovudtalar under statsborgarseremonien.
Fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal er årets hovudtalar under statsborgarseremonien. (Foto: Ivar Langvik/John Gunnar Skien / Fylkesmannen i Rogaland)

Laurdag 20. mai 2017 inviterer Fylkesmannen i Rogaland til ny statsborgarseremoni i Kuppelhallen i Stavanger. I år har blir fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal hovudtalar.

Dei som deltar på statsborgarseremoniane har alltid noko å gleda seg til. Målet med seremonien er å ønskja velkommen og markera at nye medlemmer blir tekne opp i det norske fellesskapet. Det er frivillig å delta.

Ein festdag

Det blir ein høgtideleg seremoni med velkomst- og helsingstalar, musikalske innslag og sosialt samvær. Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa er sjølvsagt til stades.

Frå heile fylket

I 2016 takka 191 nye statsborgarar frå 53 ulike nasjonar ja til statsborgarseremoni-invitasjonen. Dei var busette i 19 kommunar i Rogaland. Kor mange det blir i år, er foreløpig uvisst.

Dei som kan delta får invitasjon i posten.

Kontaktpersoner