Skjerpa beviskrav ved inndraging av skjenkeløyve

Fylkesmannen opphevar Stavanger kommune sitt vedtak om mellombels inndraging av skjenkeløyvet til 2. etasjen på utestaden Hall Toll. Bakgrunnen er strengare beviskrav for slike vedtak. I denne saka hadde ikkje kommunen gode nok bevis.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 30.03.2015

Inndraging av skjenkeløyve er å rekna som straff etter den Europeiske menneskerettskonvensjonen. Dette blei avklart av Sivilombodsmannen i desember i fjor. Dermed er kravet til bevis i slike saker skjerpa.

Krev grundigare rapportar

Slik Fylkesmannen ser det, har ikkje Stavanger kommune ført tilstrekkeleg bevis for at Hall Toll ved eit gitt høve i desember 2013 braut plikta til å visa ut personar som var openbert påverka av rusmidlar. Prikkane bidrog til at Hall Toll nådde 12 prikkar over ein 12-månadersperiode. Kommunen ville derfor inndra skjenkeløyvet i tre veker.
Rapportane frå skjenkekontrollen er avgjerande som bevis i slike inndragingssaker. Det skjerpa beviskravet krev at rapportane er langt grundigare og detaljerte enn tidlegare. Dette må skjenkekontrollane i alle kommunane merka seg.

For strenge lokale krav

I tillegg har Fylkesmannen peikt på at det lokale kravet frå Stavanger kommune om at alle som skjenker på nattklubbar skal ha bestått kunnskapsprøven, er problematisk. Etter vår vurdering vil eit slikt vilkår vera altfor krevjande for bevillingshavar og den enkelte tilsette. Kunnskapsprøven er meint for styrar og den som trer i staden for styrar. Prøven går klart utover dei krava som er relevante for ein bartender. I tillegg er han ikkje tilgjengeleg på engelsk, noko som byr på særlege utfordringar i ein bransje med stor utskifting av personell og med mange tilsette som er framandspråklege.

Heile vedtaket til Fylkesmannen i Rogaland finn du i høgremargen.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.