Ofte Stilte Spørsmål separasjon og skilsmisse

Her har vi samla nokre spørsmål som går igjen.

Vi vart separert for eit år sida, men så har vi ikkje høyrt noko meir frå Fylkesmannen. Vert vi ikkje skilt automatisk etter eitt år?

Svar: Nei. Partane må sjølv ta kontakt med Fylkesmannen for å få tilsendt søknadsskjema for skilsmisse. Skjema finn ein og på Fylkesmannen.no.

Kor lang er saksbehandlingstida?

Svar: I saker der begge partane har signert og alle naudsynte vedlegg ligg ved søknaden, tar vi sikte på at saksbehandlingstida i separasjonssaker ikkje skal vere over 2 veker og i skilsmissesaker ikkje over 8 veker. Du kan gi beskjed om det er tidsfristar du helst bør få svar innan, så vil vi prøve å ta omsyn til det så langt det er praktisk mogleg.

Min ektefelle ynskjer ikkje signere på separasjonssøknaden/skilsmissessøknaden. Kva gjer eg då?

Svar: Då kan du søkje aleine. Den av ektefellane som ikkje finn å kunne halde fram med samlivet, kan søkje fylkesmannen om løyve til separasjon. Når ektefellane har vore separert i eitt år kan dei søkje om skilsmisse.

Kor lenge kan me bu saman etter at me har motteke løyve om separasjon?¨

Svar: Samliv i ei overgangstid inntil samlivet vart brote, eller kortvarige forsøk på å ta opp att samlivet, fører ikkje til at separasjonen vert utan rettsverknad. I førearbeida til lova er ein overgangsperiode på tre til fire veker rekna som akseptabel. I praksis er det likevel opna for ein noko lengre avviklingsperiode. Vurderinga av om separasjonen er broten vil måtte byggje på skjøn. Kvifor partane har halde fram eller teke opp att samlivet vil vere av betydning for vurderinga.
Det kan elles opplysast at separasjonstida startar frå det tidspunktet Fylkesmannen skriv ut løyve. Det har ikkje noko å seia om partane først flyttar frå kvarandre seinare.

Kan me halde fram med å bu i same hus dersom me bur i kvar vår etasje?

Svar: Det er ikkje nok at partane har kvar sitt soverom i kvar sin etasje. Det må vere to åtskilde bueiningar.

Må me dela felleseige før me kan søkja om skilsmisse?

Svar: Nei. Det er ikkje naudsynt at partane er samde om deling av felleseige når ein søkjer om separasjon eller skilsmisse. Desse spørsmåla kan takast opp seinare.