Skilsmisse på nett

Ektepar som ønskjer å gå frå kvarandre, kan nå søkja om skilsmisse gjennom eit elektronisk søknadsskjema. 

Det nye skjemaet følgjer opp fjorårets søknadsskjema for separasjon. Nå er det altså høve til å søkja om både separasjon og skilsmisse elektronisk.

Raskare, sikrare og betre

Det digitale skjemaet er laga for at folk skal få ein raskare, sikrare og betre søknadsprosess. Dette er i tråd med regjeringas mål om forenkling og digitalisering av offentlege tenester.

Kortare saksbehandlingstid

Den digitale søknaden er med på å korta ned saksbehandlingstida, og folk slepp å fylla ut papirskjema på gamlemåten. For dei som likevel vil bruka papirskjemaet, er det framleis høve til å søkja om separasjon og skilsmisse på den gamle måten.

Det var Barne- og likestillingsdepartementet og Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som tok initiativ til å utvikla skjemaet. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har utvikla og levert løysinga, i samarbeid med Fylkesmannen i Oslo og Akershus.